Fjell og Vidde
16.09.2019
På DNT si høgstliggjande hytte avgjer Yr besøkstalet. Rekorden er 132 besøkande - på 34 sengeplassar.
Eit solbrunt ansikt stikk fram frå boden bak kjøkkenet. I venstre hand har ho ei liste, i høgre ein penn. Ina Charlotte Moe er styrar på Fannaråkhytta for første gong og prøvar å halde tunga beint i munnen under vareteljinga. Med berre éi helikopterflyging i løpet av sesongen må ho på våren handle inn mat nok til to tusen middagar, men no byrjar det å minke faretruande på surkålen.
- Ein ting er å berekne poteter og joikakaker, men kor mange spann surkål treng ein? Eg har jo ikkje peiling! seier 28-åringen frå Sandefjord smilande.
Fannaråkhytt
Gå til mediet- Ein ting er å berekne poteter og joikakaker, men kor mange spann surkål treng ein? Eg har jo ikkje peiling! seier 28-åringen frå Sandefjord smilande.
Fannaråkhytt