Ivar Slinde har følgt utviklinga som dyrkar og mangeårig styreleiar i lageret og pakkeriet Sognefrukt SA. Etter ein lunken start har prosjektet Eple+ skutt fart, som ein spinn-off av eit større Arenaprosjekt som vart avslutta for fire år sidan.
Eple+ var initiert av dyrkarar for dyrkarar, og det vart danna kulturgrupper i Sogn og Nordfjord for å drive kompetanseutvikling.
Gartnerhallen og Bama var med på laget, og no har pilene snudd. Etter all nyplantinga er det venta avlingsvekst dei komande åra. I Slinde-grenda i Sogndal er frukthagane i hellinga ned mot fjorden nær fullt utnytta.
Ny norsk pæresortForventningane er store til den nye pæresorten Celina som er utvikla hos Graminor på Leikanger. Med Sognefrukt som drivkraft har Sogn vorte landets største pæredistrikt.
Pæresortane som har gått ut av produksjon var for store og hadde dårleg lagringsevne, og marknaden ville ikkje ha dei. Men Celina ser lovande ut, og den nye sorten får drahjelp av prosjektet «Nye norske pærer» i fruktdistrikt over heile landet.
Omsetningsleddet vil ta inn 200 tonn Celina i starten, før det blir gitt klarsignal til å planta meir.
Celina fr