- Eg har mista kontrollen over tida mi, fortel mannen som fyrste august formelt går frå stillinga som professor ved Handelshøgskolen ved UiS til å bli rektor for heile universitetet. Kalenderen har vore fullbooka dei siste månadane. Han har førebudd seg til rektorgjerninga ved å ha møte med sju fakultet og ni stabseiningar. Han ser ikkje utmatta ut. Heller oppglødd og ivrig etter å ta fatt.
- Eg hadde ikkje reflektert nøye nok over mangfaldet i det vi held på med.
- Vi har hard ingeniørutdanning på den eine kanten og utøvande kunst på den andre. Undervisingsformane er veldig forskjellige, tankesett rundt rekruttering og utdanning er også forskjellig. Også synet på arbeidslivet er ulikt, fortel den nye rektoren.
Han trur fakulteta har mykje å lære av kvarandre og er alt i gang med å tenkje ut korleis universitetet kan bli betre på å dele erfaringar seg imellom.
Vil vere synlege
Klaus Mohn er den fyrste tilsette rektoren ved UiS, og samstundes går universitetet over til heilt ny styringsform. Rektoren får med seg ei toppleiing med tre prorektorar.
- Saman med desse ønskjer eg å bidra til å løfte universitetet sitt ry som ein attraktiv lærestad. Målet er å trekke til oss dei beste og mest motiverte studentane, dei beste forskarane og dei beste samarbeidspartnarane, seier Mohn.
Sjølv skal toppleiinga bidra