Universitetsavisa
02.10.2016
Sofie Snipstad (NTNU) overbeviste både dommarar og publikum med spennande kreftforsking under finalen i Grieghallen. Doktorgradstipendiat Sofie Snipstad (NTNU) fekk flest poeng under den nasjonale finalen laurdag.
Ho forskar på korleis ein kan bruka bobler og ultralyd til å frakta cellegift meir effektivt ut til kreftsvulstar. Her saman med programleiar Nadia Hasnaoui. (Foto: Tor Farstad, På Høyden) Det var ei rørt Sofie Snipstad som tok i mot heider og ære etter å ha blitt kåra som best i landet på å formidla forsking. (Foto: Tor Farstad, På Høyden) Kveldens dommarar kom me konstruktive tilbakemeldingar på deltakarane sine presentasjonar. F.v.: Førsteamanuensis Marlen Ferrer ved Høgskolen i Oslo og Akershus, debattredaktør i Aftenposten, Erik Tornes og skodespelar Maria Bock. (Foto: Tor Farstad, På Høyden) Jørgen Erland Linde frå Universitetet i Stavanger har undersøkt 350 spedbarn i Tanzania som ikkje pusta når dei vart født. Han har funne ut at dei treng meir luft ned i lungene for å overleva enn det som er tilrådd i dag. (Foto: Tor Farstad, På Høyden) MiloÅ NovoviÄ (UiO) fortalte om korleis nettstader som Facebook og Google får tilgang og eigarskap til alt innhald som me lastar opp på nettet. (Foto: Tor Farstad, På Høyden) Vinnar av delfinalen i Bergen, Anne-Catrin Adam (NIFES), fortalde om korleis gleder og sorger til forferdrene våre kan ha påverka genene våre i dag. Dette er del av eit nytt forskingsfelt kalla for epigenetikk. (Foto: Tor Farstad, På Høyden) Sofie Snipstad viser fram ein modell av bobla som blir brukt til å frakta nanopartiklar rundt om i blodet. Så langt er forskinga berre prøvd ut på mus. (Foto: Tor Farstad, På Høyden) Kati
Les mer


































































































