Njøs-avdelinga for sorter køyrer basisprosjekt med nye frukt- og bærslag. Feltforsøk blir følgt opp med forsøk hos produsentar, hvis resultata er lovande. Eit eksempel på dette er tindved, som er planta ut på 10 dekar, for det meste i Lærdal.
Njøs har også eit gensenter som jobbar med genressursar nasjonalt og internasjonalt.
Dei har jobba mykje med strategi på Njøs, og Hjeltnes ser at innovasjon skaper mykje positivt. Mange trekker i same retning og fokuserer på positive ting, og frukt- og bærmiljøet marknadsfører Sogn og Fjordane som Norges fruktfat.
Celina ein suksess
Graminor, Njøs Næringsutvikling, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Gartnerhallen sin FoU-sjef er lokalisert på Njøs. Hjeltnes er dagleg leiar i næringsselskapet og sortsutviklar i Graminor på 50/50-basis.
Her blir det utvikla


































































































