Jordbruksforhandlingar er ikkje noko nytt fenomen. Bøndene som har drive jorda i dette karrige langstrakte landet, har ein lang tradisjon for samhandling med den statsmakta som til forskjellige tider har rådd over dei - meir enn 1000 år tilbake går denne tradisjonen.
Dei mest begeistra historikarane har hevda at det i visse periodar eigentleg ikkje ei gong var statsmakta som rådde over bøndene, men at bøndene rådde over statsmakta. Denne utsegna er vel kanskje ikkje så ulik det som Trygve Hegnar og hans likesinna meiner om dagens bønder, men det får vera tema for ein anna diskusjon.
I tidleg vikingtid, vart det hevda av dei første moderne historikarane våre, utgjorde bøndene sjølve statsstyret gjennom deltaking på tinget. Dette kan fort bli eit glansbilete utan rot i røynda, men det ligg likevel ei sanning i det at det er ein uavbroten tradisjon i dette landet for at bøndene saman har organisert seg i sine samhandlingar med statsmakta. Historikaren Steinar Imsen har kalla dette bondekommunalisme, og sporar denne trenden gjennom norsk historie frå


































































































