Bondebladet
02.10.2025
Ein ny gjennomgang viser at Noreg har mindre dyrkbar jord enn vi tidlegare har rekna med. Dermed kan framtidig oppdyrking av skog og utmark bli meir avgrensa.
Det skriv Nibio på si nettside.
Berre 3,7 prosent av Noregs landareal er dyrka jord. I tillegg har vi såkalla dyrkbar jord. Det kan vera skog eller anna utmark som det er mogleg å dyrka opp.
Ei ny kartlegging viser at vi har mindre av dét enn tidlegare trudd.
Karta over dyrka og dyrkbar jord vart laga på grunnlag av ei landsdekkande feltkartlegging mellom 1960 og 1990. Sidan har kartet over den dyrka jorda vorte oppdatert årleg. Men rutinane for oppdatering av kartet Dyrkbar jord har ikkje vore like gode, erkjenner Nibio. No har dei gjort ein grundig gjennomgang, fortel forskingsinstituttet.
Ein tredjedel ut
Kjetil Fadnes, senioringeniør i Nibio, har vore med på revideringa.
- Endra lovgiving og praksis gjer at mykje areal som vart kartlagt som dyrkbar jord, ikkje er aktuell for oppdyrking lengre, fortel han.
Gå til medietBerre 3,7 prosent av Noregs landareal er dyrka jord. I tillegg har vi såkalla dyrkbar jord. Det kan vera skog eller anna utmark som det er mogleg å dyrka opp.