Forskerforum
27.11.2023
Heile Europa tek graden kalla «master», men tittelen fyrsteamanuensis er vi aleine om.
Førre gongen lærte vi om opphavet til stillingstitlane amanuensis og fyrsteamanuensis. Liksom dei fleste titlane på vitskaplege stillingar i norsk akademia - lektor, professor, dosent - er dei låneord. Men dei har ein lang tradisjon i Noreg, slik som andre europeiske land har eigne system av termar, såkalla nomenklaturar, for slike stillingar.
Bolognaprosessen er eit internasjonalt samarbeid innanfor høgare utdanning i Europa. Ein del av samarbeidet er eit felles gradssystem, som vart innført i Noreg for 20 år sidan.
- Dersom ein legg vekt på akademia som ein marknad, med fagleg utveksling og mobilitet av studentar, krev det standardisering og harmonisering. Endringane som har skjedd i det felles omgrepsapparatet med gradene bachelor, master og ph.d. er inspirerte av USA. Det er interessant at denne utdanningskulturen har påverka oss meir enn Storbritannia, seier Marita Kristiansen.
- Ein grunn til å velje den amerikanske modellen kan ha vore at ved å peike på ein tredjepart kunne ein unngå rivalisering mellom dei store produsentane av forsking og utdanning i Europa, seier Ole Våge.
Kunsten å dosere
Gå til medietBolognaprosessen er eit internasjonalt samarbeid innanfor høgare utdanning i Europa. Ein del av samarbeidet er eit felles gradssystem, som vart innført i Noreg for 20 år sidan.