BUSKAP
23.02.2024
Siste åra har vore prega av ein stor kostnadsauke på mellom anna drivstoff, kraftfôr, gjødsel og lån, og på tross av auka tilskot frå staten, har ikkje inntektene vorte slik som forventa for mange. Særleg bønder som har hatt store investeringar siste åra, har kanskje fått kjent på at utgiftene har auka meir enn inntekta.
Harald Pedersen, som er distriktssjef i sør/vest i Landkredit bank, var på landbrukskonferansen i Førde, og tok for seg dette temaet. Viss ein får problem med økonomien, så er det hjelp å få berre ein tek kontakt, og di tidlegare di betre.
Ta grep
Viss utgiftene vert høgare enn inntektene, så går det galne vegen, og viss ein driv ei bedrift på denne måten, så lyt ein ta grep. Det fyrste ein bør gjera er å få oversikt over dei kortsiktige og langsiktige kostnadene. Det er eit stort spenn i dekningsbidrag mellom gar
Gå til medietTa grep