Bondebladet
18.09.2025
Om nokre veker sit gjengen klar med fleire tonn poteter. Men dei veit ikkje kor dei skal selja alt. - Du skjønnar; me fire har til felles at det alltid må skje noko.
Fire unge vaksne i gode jobbar frå Vindafjord og Norheim ville gjera noko «på si». Dei er glade i prosjekt.
Så sette dei i gang med å dyrka poteter. Om nokre veker sit dei klar med fleire tonn flotte nypoteter frå to åkrar i Ilsvåg som dei per i dag ikkje veit kor dei skal selja.
Potethaustinga er sett til slutten av september, der dei inviterer inn familie og vener til å jobba. Men kven vil kjøpa poteter av dei unge?
Kjedebutikkane seier nei. Dei har for lengst sine sentrale avtaler i boks. Byråkratiet har førebels stansa eit prosjekt for å få til ein utsalsstad for mindre produsentar ved strategiske plassar på Haugalandet.
Tilbod som Rekoringen blir eit kompromiss for kundar og leverandørar som ikkje passar så godt for travle folk i faste jobbar og utan eigen gard.
- Me har alt fått ein bestilling på 50 kilo til eit bryllaup, smiler William Veim (26).
Han er eldstemann og den som tek seg mest av «kontorarbeidet» i føretaket dei fire har oppretta: «Rotfesta» DA.
Til dagleg er Wi
Gå til medietSå sette dei i gang med å dyrka poteter. Om nokre veker sit dei klar med fleire tonn flotte nypoteter frå to åkrar i Ilsvåg som dei per i dag ikkje veit kor dei skal selja.