AddToAny

Mot himlaleitet

Mot himlaleitet
Ei historie om å komma skeivt ut frå starten og se verda omsnudd, skrive av Kjartan Fløgstad for Fjell og Vidde.
rå Frette går ein brei grusveg rett opp frå parkeringsplassen og inn i utmarka. Eg burde ant uråd og valt den smale sti, men var sprek og hissig etter å kom-F ma i gong. Først langt oppe i lia, framleis på den breie veg, møtte eg andre fjellvandrarar på veg ned. Dei fortalde at det var rett som eg burde ha tenkt, men ikkje hadde gjort. Eg hadde gått feil i starten. Ved parkeringsplassen var turistløypa merka med eit lite, grått skilt og blei borte i skogen på andre sida av elva. Og nå var det for seint å snu.
Frette er ei grend som ligg inst inne ved Stordalsvatnet i Etne kommune, ein av dei vestnorske klimaoasane, der vegetasjonen er tilnærma tropisk og der det stadig blir sett nedbørsrekordar eine dagen og varmerekord den neste. To dagar etter min fjelltur blei det målt 30, 1 grader i Etne sentrum, så varmt har det aldri vore i Norge så seint i august.
I alle år hadde eg drøymt om å ta turen til fots frå Etne over høgfjellet og komma utsliten og lykkeleg fram til ei god seng på hytta mi i heia nord for Sauda. Nå låg alt til rette, vêret var strålande, på veg til Bergen hadde søster mi gitt meg skyss til Ølen, derifrå tok eg drosje frå den lite kjende, men avanserte industriklynga i Ølensvåg, lada telefonen i bilen, snørte min sekk, spente mine fjellstøvlar på og la i veg.
Og kom skeivt ut frå starten.
Turistløypa går på austsida, eg gjekk på vestsida oppover til Hellaugvatnet, 270 meter over havet. Men også på mi side, på vestsida, starta ein lite brukt og tunggått sti der grusvegen slutta. Eg krongla meg opp og ned i lia bortover langs vatnet og nærma meg innlaupsosen, bekker og elvar gjekk store, det hadde vore flaum berre nokre dagar tidlegare. Ein høg foss sto kvit ut frå den svarte fjellveggen i enden av dalen, den øyredøvande lyden av kvitt vatn i fritt stup voks mot meg.
Ved innlaupsosen hadde fossefallet delt seg i fleire mindre elvar, som sildra og rann stille ut i vatnet. Det var berre ein ting å gjera, eg tok av meg klærne, pakka dei i ryggsekken, hengde fjellstøvlane etter lissene rundt nakken, reiv laus ei kraftig bjørkegrein som stav, og fann dei beste stadene å vassa over.
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Mestring og lek står i sentrum når Barnas Turlag Stadlandet arrangerer surfekurs.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Fyrstene av Finntjern - Lars Elling ? Bok
Fjell og Vidde 14.06.2024
Innimellom kan jeg få følelsen av å befinne meg ombord på Titanic. Alle har innsett at noe alvorlig er i ferd med å skje. Samtidig fortsetter musikken på full guffe.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Sota Sæter DNT ligger i Breheimen og har de siste årene blitt kjent for sin satsing på mat og en FjellPride-feiring det går gjetord om. Ved Liavatnet i Skjåk ligger de 10 bygningene som utgjør den over 100 år gamle setra. Her tryller vertskapet frem de lekreste retter.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Min søster bor på en øy i et krokete sund ved havet.
Fjell og Vidde 14.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt