Magasinet for fagorganiserte
16.02.2017
Nedbemanna, outsourca eller enno ikkje komen i arbeid. Det er lett å «havna i kjellaren» etter ei stund med resultatlaus jobbsøking.
STORD: På Moglegheitskafeen i Leirvik kan dei mange arbeidslause i Sunnhordland treffe andre i same båt, og få innspel på vegen mot arbeid. Kaféen er open eit par timar kvar torsdag og starta i januar. Nettverkbyggjing er målet. For dei aller fleste jobbane kjem ikkje til Nav. Dei ligg berre ute på den skjulte arbeidsmarknaden, og vert tildelt kjenningar og folk som er i direkte kontakt med verksemdene.
Frustrerande nedturar
På ein av dei første Moglegheitskaféane treff vi ein ingeniør som har lang erfaring med å leie store prosjekt i oljebransjen. Han vil ikkje ha navn og bilete i bladet, men fortel at han har vore heilt utan arbeid i snart eitt år. Gode referansar og skussmål har han. Søknad etter søknad har han sendt, og vorte innkalla til intervju etter intervju.
- Men eg var berre så langt frå å få jobbane, seier han, og syn
Les opprinnelig artikkelFrustrerande nedturar