AddToAny

Midlertidighet i akademia: Av med silkehanskane, Iselin Nybø!

Midlertidighet i akademia: Av med silkehanskane, Iselin Nybø!
Det er uakseptabelt at folk som gjer ein viktig innsats i ein viktig sektor skal gå årevis utan å få fast jobb, skriv Unio-leiar Ragnhild Lied.
«Jeg er enig i at det er en ukultur på våre universiteter og høyskoler..», seie stasråd for Forsking og høgre utdanning, Iselin Nybø til VG 11.februar. Endå ein gong handlar det om at sektoren er ein versting når det gjeld misbruk av mellombels tilsetting. «Og det akter jeg å gjøre noe med», seier Nybø til VG.

Bra! Sett i gang! Det burde ha vore gjort for lenge sidan. Dette er ei gjengangarsak. For ein del år sidan sette både unge og mellomgamle forskarar namn på fenomenet: dei kalla seg sjølve «lausungane». I håp om å bli tatt inn i den gode familien av fast tilsette.

Det er uakseptabelt at folk som gjer ein viktig innsats i ein viktig sektor skal gå årevis utan å få fast jobb. Når ein av fem i denne sektoren er mellombels tilsett, er det ikkje berre ein ukultur. Det er brot på ei samfunnskontrakt: det normale i norsk arbeidsliv skal vere fast tilsetting. Difor er dette ei form for sosial dumping det må slåast hardare ned på.

Litt har skjedd. Men berre litt. Solberg-regjeringa skal ha ros for å kome med gode programerklæringar heilt frå første periode. Lova om statstilsette blei stramma inn på dette området. Men gjennom endringar i arbeidsmiljølova argumenterte den same regjeringa for å gjere det enklare å tilsette mellombels. Sjølv om arbeidsmiljøloven ikkje slår direkte inn på tilsettingsvilkåra i Universitetssektoren, er eg redd at dei politiske signala har gjort det tyngre å endre ein forstokka praksis i sektoren.

Om lag 10 prosent av dei tilsette i arbeidslivet har mellombelse stillingar, vikariat inkludert. Det er ingen grunn til at universitets- og høgskulesektoren skal sprenge dette snittet så kraftig, og i årevis. Leiarar i sektoren har ofte grunngitt behovet for overforbruket av mellombelse stillingar med at «finansieringa dei neste åra er usikker». Mange andre sektorar har ei langt meir usikker framtid, og likevel langt mindre omfang av mellombelse stillingar. Argumentet held kort og godt ikkje.

Stasråden må enten vurdere ytterlegare innstramming i lovverket, eller kome med andre konkrete og truverdige tiltak.

Kanskje må statsråden møte misbrukarane nettopp med økonomiske argument. Ideelt sett burde ein belønne institusjonar som får ned omfanget av mellombelse stillingar. Men det ville vere urimeleg overfor dei som faktisk har gjort noko med problemet. Både sektoren generelt, og fleire institusjonar spesielt, har fått mange sjansar. No bør verstingane få klar melding om at viss dei ikkje ryddar opp, vil det få økonomiske konsekvensar.

Silkehanskane må av!

Image-text:

"Både sektoren generelt, og fleire institusjonar spesielt, har fått mange sjansar. No bør verstingane få klar melding om at viss dei ikkje ryddar opp, vil det få økonomiske konsekvensar", skriv Unio-leiar Ragnhild Lied (t.v.) til statsråd Iselin Nybø (t.h.). Foto: Ntb scanpix/ Kunnskapsdepartementet

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt