Ville nøtter frå savannen i Brasil, blå mais slik amerikansk urfolk ville laga det, øl brygga på saltvatn, økologisk lauk på storleik med kokosnøtter, ost modna på lager med midd, uraffinert sukker, nederlandske østers, suppe for Syria - og langtidsstekt, norsk villsau.
Det var ein liten smakebit av alt som var å finne på festivalen Terra Madre Salone del Gusto i Torino i september. Festivalen er arrangert av rørsla Slow Food.
Organisasjonen vart starta i 1989 som ein liten interesseorganisasjon for gourmetar i den italienske regionen Piemonte.
Sidan har den vakse til eit verdsomspennande nettverk for småskalaprodusentar som slåst mot industrialisering og held fast på å produsere i samsvar med gamle tradisjonar.
- Matkultur frå folks arbeidTerra Madre Salone del Gusto er både ei utstilling, eit samarbeidsforum og ein politisk konferanse. 1000 produsentar frå 143 land stilte ut og selde varene sine kringom i bygatene.
Samstundes deltok 10 000 menneske på konferansen Terra Madre for å diskutere korleis vi skal klare å produsere mat på ein måte som tek vare på alle former for mangfald - både kulturelt, menneskeleg og biologisk.
Målet er å syne mangfaldet, og styrken som ligg i


































































































