Norsk Skogbruk
15.12.2019
Helge Kårstad (65) er ein av ganske få innfødde vestlendingar som verkeleg har skogbruk i blodet. Og som trass mange negative trendar er ukueleg optimist på vegne av kystskogbruket. - Skogen veks godt og kan ikkje flyttast til byen, seier han.
Mannen er fødd og oppvaksen som odelsgut i Bygstad i Sunnfjord. - Bestefar min var kjend som «Plante-Hans», han byrja å plante barskog alt rundt 1900. Eg har sjøl hogd ned mykje av den skogen, fortel Helge Kårstad. Og skogbruk har prega heile livet til denne mannen som dei siste ti åra har arbeidd som prosjektleiar i Kystskogbruket, mest med etablering av tømmerkaier. - Eg vaks opp med skogreising, vi hadde ein energisk skogreisingsleiar, Sverre Hestad, som rakk overalt og alltid hadde planter i bilen. Skogplanting var sommarjobb i årevis og det var heilt naturleg for meg å søke meg til skogbruksutdanning på Ås.
Og her traff Helge ei like skogfrelst dame, Merete Larsmon frå Finnskogen. Ho har og ein mangfaldig karriére i skogbruket bak seg, og er idag fylkesskogmester i det som fortsatt er Sogn og Fjordane.
Men tilbake til gubben: - Eg fekk arbeid på NISK, fyrst på treteknologi der eg mellom anna samla inn vedprøver av sitka langs heile kysten. Seinare vart det driftsteknikk med Ivar Samset som sjef. Vi trivdes veldig godt på Ås, men det var liksom ikkje tvil om at vi skulle heim og ta over garden, erindrer han.
Dermed bar det tilbake til Sunnfjord, og i 1992 blir Helge Kårstad fylkesskogmester i biologiske fag. - Det var eit tidsskifte, statstilskuddet skulle brukast til å bygge skogsbilvegar, før det dreiv vi mest med traktorvegar, fortel han. Men etter nokre år fann det driftige paret ut at dei skulle satse for fullt på å nytte eigendomen sin maksimalt. I vel eit tiår dreiv dei ganske stort med arrangement av ymse slag; skogbruk, pyntegrønt med eige binderi, tilbod for funksjonshemma, turisme og opplevingsturar med vikingskip. - Vi arbeidde døgnet rundt og hadde 8-9 tilsette på det meste, seier Helge.
Og det skulle vise seg at sjøv om verksemda hadde mange bein å stå på var ho likevel sårbar. - På pyntegrønt var det aukande konkurranse frå import, samstundes fekk vi store angrep av sopp og hjort på nobelgrana. Og NAV-reformen gjorde at vi måtte vidareutdanne oss f
Gå til medietOg her traff Helge ei like skogfrelst dame, Merete Larsmon frå Finnskogen. Ho har og ein mangfaldig karriére i skogbruket bak seg, og er idag fylkesskogmester i det som fortsatt er Sogn og Fjordane.