Eit døme på slik svikt gjeld ein ny vitskapleg artikkel som viser kva testar for sosial fungering og lesing som blir brukt i norsk skole, og at desse har store manglar når det kjem til dokumentasjon.
15. februar starta Morgenbladet - godt hjelpt av forfattarane - ei forvrenging av kva denne forskinga seier med oppslaget «Norske leseprøver står til stryk». Men forskingsartikkelen gir ikkje eit utfyllande bilete av lesetestar i norsk skule.
Formidlinga som heilskap har skapt eit bilete som er feil
Sjølve den vitskapelege artikkelen i Scandinavian Journal of Educational Research viser kva testar for sosial fungering og lesing som blir brukt i norsk skole. Deretter blir den tilgjengelege informasjonen om desse testane halde opp mot ein europeisk standard for slik dokumentasjon. Ikkje overraskande er det store manglar når det kjem til dokumentasjon. Artikkelen sluttar med eit forsla