Bondebladet
06.05.2021
Håkon Tørrestad stiller i Bondebladet 29. april spørsmål til overskotet av norsk matkveite i inneverande sesong.
For det første: Sesongen 2020 var ein god kornsesong, med godt avlingsnivå, høgt proteininnhald og høg andel mat for kveite og rug. Og endeleg har norsk landbruk fått på plass ein kveitesort som gir den sterke bakekvaliteten som har mangla, og som i tillegg er interessant for bøndene å dyrke.
Gå til medietFor det andre: Sesongen var så god at vi fekk tilført svært store kvanta av nettopp den nye kveitesorten, Mirakel, som har ekstra sterk proteinkvalitet. Ulike produkt krev ulik kvalitet. Møllene spør difor etter ulike kvalitetar, slik at dei kan sette saman rett mjølkvalitet til rett bruk. Norsk kveitemjøl blir nemleg laga i svært mange ulike variantar, og det trengst innblanding både av sterke og svake glutenkvalitetar i totalblandinga.
Då har