Bondebladet
19.01.2017
Opp gjennom historia har det alltid vore ein eller annan konflikt mellom menneska og rovdyr. Ein treng ikkje gå langt tilbake i tid før rovdyra vart overvinna med alle middel, anten på humant vis eller ei.
Dette kunne vera fotsakser, gift, svelterøyr sjølvskot osb. Var det rett og slett slik at forfedra våre var grufulle menneske med sans for liding og skade? Nei, er min påstand.
Gå til medietFør Noreg vart det velstandssamfunnet me kjenner i dag, var eit kvart åtak frå rovdyr mot husdyr eit direkte inngrep i matfatet til befolkninga. For dei av dykk som er heldige nok til å kjenna nokon som fekk oppleva den vanskelege tida før og etter 2. verdskrig, er det ikkje særleg vanskeleg å få bekrefta at maten var mangelvare og ei mengd nordmenn gjekk svoltne til sengs om kvelden.
I dag er stoda ei heilt anna, overproduse


































































































