Norsk Landbruk
23.11.2017
Høyensilasje, frøhøy og halm frå Austlandet må til for at Andreas Lundegård skal komme seg gjennom vinteren.
Regn, regn og atter regn har gjort at vindafjordingen manglar 30 - 40 prosent av vinterfôret til sine 70 vinterfôra sauer og 40 storfe.
Gå til mediet- Avlingane der me fekk slå, har vore greie nok. Men me leiger 48 dekar på myrjord, som me fekk sådd, men berre hausta delar av, fortel han.
Du har kanskje sett bonden avbilda i Norsk Landbruk fleire gonger før, men då som rekneskapsførar og landbruksrådgjevar for andre bønder. Det siste året har han engasjert seg sterkt i å utvikle billegare fjøs for bønder som vil satse på ammekyr. Både Andreas og kona, Eva Lise, er utdanna agronomar og engasjerte i gardsdrifta. Som mange andre ammekubønder vurderer dei òg å utvide for å få plass til fleire mordyr.
- Det er ammeku me er mest interesserte i begge to. Kanskje er eg vel omstendeleg når eg framleis grublar


































































































