- I Trøndelag og på Sørlandet er det også prispress på mjølkekvotar med alt for høge prisar, eg torer mest ikkje tenkja på korleis dette skal enda, seier Bjørn Friestad.
Bonden driv med mjølkeproduksjon på Friestad i Hå med ein mjølkekvote på 700.000 liter. Fram til januar i år, var garden hans del av ei samdrift. No er samdriftsetableringa oppløyst, og Friestad leiger i staden kring halvparten av kvoten.
- Til ein akseptabel pris, strekar han under.
Kvoter på dagsorden
Friestad er for veteran å rekna innan bondeyrket. Den engasjerte og fritalande 61-åringen bygde nytt mjølkefjøs for 15 år sidan, og har kjent næringa frå innsida gjennom heile bondekarrieren. No er han leiar av Vigrestad og Ogna produsentlag og vel kjent med samvirkeverksemda Tine, han lovar å bidra til at kvoteprisutvikling


































































































