I Rogaland har det siste månadane blitt omsett mjølkekvotar til meir enn 16 kroner literen, medan det har blitt inngått leigeavtalar på opp mot 1,50 per liter.
Prispress fleire stadar- I Trøndelag og på Sørlandet er det også prispress på mjølkekvotar med alt for høge prisar, eg torer mest ikkje tenkja på korleis dette skal enda, seier Bjørn Friestad.
Bonden driv med mjølkeproduksjon på Friestad i Hå med ein mjølkekvote på 700.000 liter. Fram til januar i år, var garden hans del av ei samdrift. No er samdriftsetableringa oppløyst, og Friestad leiger i staden kring halvparten av kvoten.
- Til ein akseptabel pris, strekar han under.
Kvoter på dagsordenFriestad er for veteran å rekna innan bondeyrket. Den engasjerte og fritalande 61-åringen bygde nytt mjølkefjøs for 15 år sidan, og har kj


































































































