Med ein mjølkekvote på 198 tonn er Stein Øyvind Aase om lag som ein gjennomsnittleg norsk mjølkeprodusent. Han har ein båsfjøs som blei bygd på i 2003, har kalvingane konsentrerte om hausten, men har ingen mål om å hevde seg på avdråttstoppen.
Det som ikkje er gjennomsnittleg på garden, som ligg på oppsida av E134 i Skjold, er det økonomiske utkommet. Sjølv om vindafjordbonden avsiner alle kyrne når mjølka er som best betalt midt på sommaren, kan Aase vise til eit dekningsbidrag for storfe på i overkant av ein million kroner. Det greier han trass i at han prioriterer andre verdiar enn dei økonomiske høgt. Også i år reiser familien på fem på to vekers tur til Syden i juni. Det vil vere med å bestemme tidspunktet for slåtten.
- Det er viktig for meg å prioritere ferie med familien, seier han.
KALV FØR AVDRÅTTStein Øyvind Aase arbeider i dag full tid på garden, men fram til for to år sidan hadde 47-åringen 80 prosent stilling som mjølkebilsjåfør for Tine. Det spesielle er at dei økonomiske resultata var like gode den gongen som dei er i dag. Her ligg kanskje også ei forklaring på suksessen.
- Det å ha jobb utanfor garden lærte meg å vere veldig konsentrert og fokusert på å gjere oppgåver til rett tid. Det måtte eg, for det nyttar ikkje å ha kalving frå august til jan