AddToAny

- Lønsoppgjeret må verdsetje utdanning

- Lønsoppgjeret må verdsetje utdanning
Tysdag starta lønsforhandlingane i staten. Forskerforbundets leiar Petter Aaslestad er forhandlingsleiar for Unio stat.
Kjerstin Gjengedal Hovudkravet frå Unio er at lønsgapet mellom grupper med høgare utdanning i staten, og tilsvarande grupper med like lang utdanning i privat sektor, må reduserast. Vi veit at ramma for oppgjeret blir moderat i år, og då blir fordelingsprofilen desto viktigare. Våre grupper i staten ligg lønsmessig etter dei private, seier Aaslestad. Unio krev dessutan at kjøpekrafta for medlemmane minst skal halde same nivå som no. Det er venta ein prisvekst på 2,4 prosent i år, medan årsgjennomsnittet dei siste åra har vore på om lag 2,0 prosent. Ønskjer modernisering På det innleiande møtet tysdag møtte Aaslestad, saman med representantar for dei andre hovudorganisasjonane LO stat, YS stat og Akademikerne, statens personaldirektør Gisle Norheim for å leggje opp ein prosess for forhandlingane dei neste dagane. I innleiingane var det fleire av oss som tok opp behovet for å modernisere hovudtariffavtalen, og det vart føreslått å setje ned eit partssamansett utval som kan arbeide med dette fram mot 2017. Samstundes vil vi gjerne kome i gang med delar av moderniseringa no. Fjerning av lønstaket er noko vi ønskjer å diskutere, seier Aaslestad. Nokre stillingsgrupper er i lønsrammer, som inneber at det er ei maksimumsgrense for kva dei kan få i løn. Eventuell vidare lønsutvikling for dei som stangar mot lønstaket, må skje i form av tillegg utanfor ramma. Det medverkar til å gjere systemet ulogisk og lite transparent, og både staten og Unio har tidlegare lufta tanken om å fjerne lønstaket. Trur på forhandlingsløysing I år er det hovudoppgjer, og fristen for å bli samde om ei forhandlingsløysing, går ut ved midnatt laurdag 30. april. Som forhandlingsleiar for Unio stat forhandlar Aaslestad på vegner av vel 32 000 universitets- og høgskuleutdanna arbeidstakarar i statleg sektor. Han vonar å ha eit resultat klart når forhandlingsfristen går ut. Statens personaldirektør legg opp til ein aktiv prosess, og det verkar lovande. Vi er opptekne av å vise respekt for forhandlingsinstituttet og bruke det godt, og eg forventar at vi landar dette innan slutten av månaden, seier Aaslestad.
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Hvordan kan tenkning, kreativitet og kunnskapsarbeid formes og berikes i samspill med KI? Vi ønsker en bredere samtale om bruk og kontroll av KI i universitets- og høyskolesektoren.
Forskerforum 28.05.2026
Ien seng, i et hus, i en etterkrigstid ligger en ett år gammel jente med hoftegips. Her skal hun ligge mer eller mindre konstant i fire og et halvt år, alene, uten familien i nærheten.
Forskerforum 28.05.2026
Akademisk fridom har vore under aukande press internasjonalt over lengre tid, og særleg med utviklinga i USA under Trump-regimet har debatten om
Forskerforum 28.05.2026
Hvordan kan du få høyere lønn utenom de årlige lønnsforhandlingene? Det finnes muligheter:
Forskerforum 28.05.2026
Forskerforum 28.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt