Mykje har skjedd sidan då. «Kvinner eig kvar fjerde landbrukseigedom», skriv Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2014. Men lovendringa skapte - paradoksalt nok - ingen kvinnerevolusjon i landbruket. For framleis er talet på registrerte kvinnelege bønder lågt. Knapt 14 prosent. Kvifor så få? Blir det ikkje arbeidd for å rekruttere fleire kvinnebønder? Er kvardagen deira uinteressant for feministar og politikarar, Nationen eller organisasjonslivet?
Før jul kom ei stortingsmelding om landbruket: Stortingsmelding 11 (2016 - 2017): Endring og utvikling — En fremtidsrettet jordbruksproduksjon. Ei stortingsmelding blir levert av regjeringa, og seier noko om framtidig politikk innanfor eit politikkområde, om satsingar og prioriteringar. Optimistisk les eg at «kvinner er særskilt prioritert i deler av regelverket ved at de kan få tildelt mer tilskudd». Stort meir finn eg ikkje, korkje om kvinner eller likestilling. Ordet kvinne finn eg sju gonger. Likestilling, ein gong. Temaet om kvinneb�


































































































