journalist En artikkel fra Universitetet i Bergen
Så kva er eigentleg sinne?
- Det er ein emosjon eller ei kjensle, og av oss psykologar vert denne kjensla rekna som ein av dei basale, seier Leo Kant, stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen.
Han meiner vi kan skilja mellom tilstand eller trekk, på engelsk state eller trait. Tilstand i sinnesamanheng inneber at du kjenner deg sint og det kokar inni deg. Som eit personleg trekk er det meir stabilt, og nokon har lettare for at det kokar opp i dei.
- Sinne er ei distinkt og sosial kjensle, seier Kant. I 2012 vant han Bergens-finalen i Forsker grand prix. Han forskar på destruktivt leiarskap og kan meir enn dei fleste om sinne.
Difor blir vi sinte
- Et ein banan og få nok søvn. Det er Leo Kant sitt tips for ikkje å bli for sint. Han er stipendiat i psykologi ved Universitetet i Bergen. (Foto: Jens Helleland Ådnanes, UiB)
Ein treng ein provokasjon for å bli sint, ifølgje Kant.
- Når vi vert sinte, dreier det seg ofte om at vi opplever noko som urettferdig - og det er ofte sosialt. Vi kan oppleva at nokon har gjort n