AddToAny

Kva for utdanning kan det bli i Nesna? - Vi må tenke nytt, meiner ny styreleiar for regionprosjekt

Kva for utdanning kan det bli i Nesna? - Vi må tenke nytt, meiner ny styreleiar for regionprosjekt
Etter nedlegging av studiestaden Nesna blir det jobba hardt for å finne nye utdanningstilbod på Helgeland.
- Dette er ikkje ein omkamp, men eit forsøk på å aktivere studiestaden Nesna, seier Jan-Gunnar Winther. Han var i mange år direktør for Norsk Polarinstitutt og er i dag direktør for Senter for Hav og Arktis. Nyleg vart Winther engasjert som styreleiar for prosjektet «Nye tilbud innen høyere utdanning på Helgeland».

Etter at Nord universitet vedtok å legge ned Nesna frå 2022, fryktar mange for studietilbodet i Helgelandsregionen. I tillegg vil mange Nord-tilsette truleg måtte flytte, og fleire vil bli oppsagt.

- Vi ønsker å få til utdanningstilbod som er relevante for regionen. Ikkje minst er det viktig å tenke nytt, seier Winther.

Regionråda i Helgeland har difor gått saman om eit toårig prosjekt der målet er å sikre både utdanningstilbod og fagmiljø på Helgeland.

- Reduserer studietilbodet på Helgeland

Arne Langset, som er dagleg leiar i Indre Helgeland regionråd, seier alle dei 18 kommunane i regionen står saman om prosjektet.

- Den endringa Nord har sett seg nøydd til å gjere, reduserer studietilbodet på Helgeland og trekker fagfolk vekk frå regionen. Etter nedleggingsvedtaket ser vi allereie at det er vanskelegare å rekruttere til stillingar i kommunane, seier Langset.

Han seier eitt av måla med prosjektet er å sikre vidareføring av studiestaden Nesna.

- Vi prøver å finne løysingar som kan nyttiggjere seg den gode infrastrukturen som er bygd opp ved Nesna. I tillegg ønskjer vi å kunne behalde ein del av fagpersonane som no står under press og kanskje må selje huset og flytte herifrå, seier han.

VID har oppretta sjukepleieutdanning

VID vitenskapelige høgskole, som er ein privat høgskule, har allereie oppretta sjukepleieutdanning i Sandnessjøen gjennom det regionale samarbeidet.

- Sjukepleieutdanninga erstattar tilbodet som den tidlegare Høgskolen i Nesna hadde i Sandnessjøen. Utdanninga skal vere i gang frå komande studieår, så det har gått veldig fort, seier Langset. Han ser også positivt på at ein vil klare å fylle lokala i Nesna med nye tilbod når Nord universitet trekker seg ut i 2022.

- Kva for utdanning er det snakk om?

- Det har kome innspel om behov for fag knytt til havbruksnæringa, og vi har også diskutert reiselivsutdanning, begge i samarbeid med UiT Norges arktiske universitet, seier han.

UiT tilbyr i dag bachelorutdanning i desse fagområda.

- Målet på lang sikt er likevel å at vi skal få på plass tilbod innanfor lærarutdanningar eller fleirårige profesjonsutdanningar, seier Langset.

Blir ikkje lærarutdanning frå UiT si side

Viserektor Sveinung Eikeland ved UiT sit i styret i det regionale prosjektet.

- Om UiT skal opprette lærarutdanning på Nesna, må regjeringa be oss om det, seier Sveinung Eikeland. Foto: UiT

- Det har vore diskusjonar mellom miljøet i Nesna og UiT om både reiselivsutdanning og havbruksutdanning, stadfestar han.

- Men UiT får ikkje lov å starte lærarutdanning ved Nesna?

- Nei, det blir ikkje lærarutdanning i Nesna frå UiT si side. Då må regjeringa be oss om det. Vi har ein samarbeidsavtale med Nord universitet der utdanningane blir regulert. Vi skal ikkje konkurrere om same tilbodet.

Eikeland presiserer at UiT likevel har eit særleg ansvar for utdanning i regionen.

- Men vi kan ikkje gå inn og starte utdanning som ikkje er finansiert på ein eller annan måte. Når Nord universitet legg ned på Nesna, forsvinn også dei 100 millionane som har gått til lærarutdanninga der. Og vi kan ikkje trappe ned på lærarutdanning i andre delar av universitetet. Så det er departementet som er nøkkelen i dette, seier han.

- Må sjå på tilbod med nye auge

Styreleiar Winther meiner det er viktig å tenke nytt i den situasjonen regionen har hamna i.

- Vi må sjå kva for tilbod som er mogleg å få til, seier han.

- Det er allereie planar om blant anna havbruks- og reiselivsutdanning?

- Ja, dette er nemnd. Desse faga representerer profilen som allereie finst, og som er ønskt av næringslivet. Men vi ønskjer også å sjå på utdanningstilbodet på Helgeland med nye auge, seier han.

I tillegg til Sveinung Eikeland ved UiT sit ordførar i Nesna Hanne Davidsen i styringsgruppa, der ho representerer Indre Helgeland regionråd. Også Nordland Fylkeskommune, Brønnøysundregistrene og VID vitenskapelige høgskole er med i styringsgruppa.

Image-text:

- Vi ønskjer å få aktivitet på Nesna, det gjeld alt frå bygningmasse til dei tilsette, seier styreleiar for prosjektet Jan-Gunnar Winther. Foto: Hans Petter Sørensen/Marius Fiskum

Extra-info:

Fakta Nord universitet vart etablert 1. januar 2016 etter at Høgskolen i Nesna vart fusjonert med Universitetet i Nordland og Høgskolen i Nord-Trøndelag.

I juni 2019 vart det vedteke ny studiestadstruktur, som inneber at Nesna blir avvikla som studiestad i 2022.

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt