Kilden kjønnsforskning.no
20.12.2017
Vi spør Reinert Skumsnes, stipendiat ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, Universitetet i Oslo.
Mer om Arkeologi Mer om Forskeren svarer Mer om Kvinne- og kjønnshistorie Mer om Kjønnsperspektiver i forskning - Det gamle Egypt gir innsikt i korleis kjønn vert til og endrar seg over tid, meiner Reinert Skumsnes. Foto: Privat.
Les merReinert Skumsnes er stipendiat ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, UiO. Han er egyptolog og arbeider med ei doktorgradsavhandling om famile- og kjønnsstrukturar i det gamle Egypt.
- Kva assosierer du med kjønnsperspektiv i forsking?
- Forsking med kjønnsperspektiv er for meg meir enn berre å sjå på ulikskap mellom menn om kvinner. Det er meir enn biologi, og kan heller ikkje avgrensast til sosiale konstruksjonar aleine.
- For meg handlar forsking med kjønnsperspektiv om å ha ei djupare forståing av makt og normative strukturar, og ein nysgjerrigheit på korleis desse fungerer og formar oss som mennes