Forskerforum
14.04.2016
Dei fire institusjonane som fusjonerte frå 1. januar i år, får no 110 millionar kroner på deling for å gjennomføre fusjonane.
Forskerforum I statsbudsjettet for 2016 føreslo regjeringa å løyve 175 millionar kroner til arbeidet med samanslåingar i universitets- og høgskulesektoren. No har Kunnskapsdepartementet fordelt 110 av millionane. Dei resterande
midlane vil bli fordelt seinare. Pengane er fordelt nokså likt mellom dei fire fusjonerte institusjonane. Nord universitet, Høgskulen i Sørøst-Noreg og NTNU får 27 millionar kvar. UiT Noregs arktiske universitet får 29 millionar.
Utreier nye fusjonar I tillegg løyver departementet 2,5 millionar til utreiing av ein mogleg fusjon mellom Høgskulen i Lillehammer og Høgskulen i Hedmark. Eit likt beløp går til Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo,
Kunsthøgskulen i Oslo og Noregs musikkhøgskule, som skal starte ein innleiande studie av moglegheiten for forpliktande samarbeid. Høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund, som no er i gang med fusjonsprosessen, har
ikkje fått noka løyving i denne omgang. Rektor Anne Husebekk ved UiT Noregs arktiske universitet har tidlegare anslått at deira fusjonskostnader vil kome på minst 125 millionar kroner, medan NTNU reknar med utgifter på 250
millionar.
Gå til mediet


































































































