Magma
14.06.2023
Leiing er den «den kollektive streben etter å oppfylle formål (telos)» (By, 2021, s. 30). Sagt med andre ord: jobbe saman for å bidra til det gode for verda. Denne artikkelen foreslår at Løgstrup (1999) si etiske fordring er ei meir passande normativ føring enn MacIntyre (2004) og Kempster et al. (2011), då den famnar heile spekteret av moralfilosofien og menneskelege verdiar. Å forstå leiing som å bidra til det gode for verda vil gi lite meining for folk som forstår leiing som å få folk til å gjere det leiaren vil (Barker, 1997). I organisasjonar prega av sterke leiar-følgjar-dynamikkar vil ein trenge tid for at eit nytt paradigme kan vekse fram.
Å jobbe saman for å bidra til det gode for verda inneber å snakke saman. Dialogen er i denne samanhengen viktig, men den er skjør (Øiestad, 2019) og treng å beskyttast (Kvalnes, 2019; Edmondson, 2019).
Når noko skal drivast av ein motor, nyttast ein stålsylinder som kraftoverføring. For å redusere friksjonen som oppstår i kraftoverføringa, nyttast eit kulelager, og utan dette vil stålsylinderen bli riven i fillebitar av den massive friksjonen frå motoren. På same måten som stålsylinderen mellom motor og det som drivast, treng beskyttelse, treng også dialogen å vernast når energinivået i samtalen aukar. Kulelagermodellen viser at ved å reflektere over kjensler, forståingshorisont, makt, urørlegheitssona, intensjon, dynamikkar, etisk refleksjon, kritiske kvalitetsaugeblikk og å være produktiv, vil truleg dialogen tole meir trykk før den bryt saman.
Del 1 Presentasjon av teori
Leiing som formål og prosess
Det er viktig å tenke over korleis ein forstår leiing, då det formar leiaråtferd (Ghoshal, 2005). Kulelagermodellen nyttar Telos leiingslinse (TLL) (By, 2021), då det er behov for å dreie søkelyset bort frå å forstå leiing som person til leiing som formål og prosess (By, 2019). Mykje av litteraturen om organisasjonar tek for gitt at sjefar veit best korleis verksemder bør utviklast (Amundsen & Kongsvik, 2016). Dette er det ikkje lenger grunnlag for å hevde (Amundsen & Kongsvik, 2016). Ein må bort frå førestillinga om at leiing er formelle leiarar som får følgjarar til å gjere det dei bestemmer (Barker, 1997). Å skape eit slikt skilje mellom leiarar og følgjarar er lite hensiktsmessig, då dette lett reduserer følgjarar til passive objekt og leiarar til dei handlande subjekta (Crevani et al., 2010).
Leiing er «den kollektive streben etter å oppfylle formål (telos)» (By, 2021, s. 30). Sagt med andre ord: jobbe saman (prosess) for å bidra til det gode for verda (formål). Eit slikt nytt paradigme vil ikkje nødvendigvis løyse utfordringane i dagens samfunn, men det kan myndiggjere alle til å ta ansvar og til å bidra til at verda går framover (Rost, 1993).
Denne måten å tenke leiing på vil gi lite meining til folk som tenker at leiing handlar om å få folk til å gjere det leiaren vil (Barker, 1997). I organisasjonar prega av sterke leiar-følgjar-dynamikkar vil ein derfor trenge tid og prosess for at eit nytt paradigme kan vekse frem.
Jobbe saman for å bidra til det gode for verda
Telos leiingslinse låner omgrepet telos frå Aristoteles, sett gjennom brillene til MacIntyre (2004) og Kempster et al. (2011). Menneskets telos, formålet vårt, er å vere styrt av interne gode - gode for alle som deltek. For ein organisasjon betyr dette å vere styrt av langtidsmål som er til gode for heile samfunnet (By, 2021; Kempster et al., 2011). Ei bedrift må sjølvsagt også ha søkelys på korttidsmål og økonomisk lønnsemd. Problemet oppstår når lønnsemd blir målet i seg sjølv (Freeman & By, 2022).
Problem med normative føringar i leiing
Definisjonen av leiing som å jobbe saman for å bidra til det gode for verda er ein normativ måte å forstå leiing på. Dette er ikkje uproblematisk. Eit kvart forsøk på å etablere etiske retningslinjer inneber risiko for å undergrave ytringsfridomen, kreativiteten og verdigheita til enkeltmenneske (Raelin, 2020). På den andre sida ligg det ein mykje høgare risiko i å la vere.
Filosofien som ligg bak objektive definisjonar av leiing, gjev rom for moralsk relativisme - at ingenting er sant eller meir rett (Mensch et al., 2019). Frå ein slik definisjon vil for eksempel prosjektet til Hitler sjåast på som noko vellukka - han sette seg eit mål og fekk mange med seg for å fullføre planen. Ein annan viktig grunn til å ha ei normativ føring i forståinga av leiing er at etikken så raskt blir nedprioritert. Dersom ein ikkje held oppe leiing som å bidra til det gode for verda som noko heilt sentralt, vil det ofte falle bort og bli nedprioritert (By, 2021; Kempster et al., 2011).
Normativ føring gjennom Løgstrup si etiske fordring
Telos leiingslinse er ein gryande leiingsmodell som enno er i utvikling (By, 2021). Den normative føringa blir i By sitt arbeid gitt gjennom brillene til MacIntyre (2004) og Kempster et al. (2011) og eksemplifisert av at verksemder må være gaida av FN sine berekraftsmål (By, 2021). Denne artikkelen tek til orde for at dette er ei noko snever eksemplifisering.
Sjølv om leiing som å bidra til det gode i verda har ein tydeleg positiv intensjon, er ein slik måte å forstå leiing på ikkje immun mot destruktive konsekvensar. Etikk som hevdar at ei handling er etisk riktig dersom den maksimerer nytte for flest mogleg, kan i radikal form føre til at målet heilaggjer middelet (Laudal & Marnburg, 2016).
Etiske teoriar kan til ein viss grad sjåast på som teoriar som utfyller kvarandre (Carson & Skauge, 2019). For å forstå kva det betyr å leve godt, treng ein heile spekteret av moralfilosofien og menneskelege verdiar (Ciulla, 2005). Den danske filosofen Knud Ejler Løgstrup si etiske fordring er passande i denne samanheng, då han legg ei normativ føring, samstundes som han ikkje seier noko om kva som er rett eller gale.
Løgstrup og makt
Det er eit grunnleggjande problem at ein innan etikk og moral som regel har gått inn og diskutert moral og sosiale normer, utan fyrst å diskutere jordbotnen kor dei moralske og umoralske vekstane veks (Løgstrup, 1982). Jordbotnen for moral er makta me menneske har over einannan:
Den enkelte har aldri med et menneske å gjøre uten å holde noe av dette menneskets liv i sine hender. Det kan være svært lite, en forbigående stemning, en oppstemthet en vekker eller får til å visne, en tristhet en forsterker eller letter. Men det kan også være skremmende mye, slik at det simpelthen er opp til den enkelte om den andre lykkes med livet sitt eller ikke.
(Løgstrup, 1999, s. 37)
Direkte er makta til stades i det umiddelbare samværet med menneske, og indirekte i konsekvensen handlingane våre har:
I dette (sosial bevissthet) ligger det at enhver borger er medansvarlig for all uforskyldt nød og elendighet. Sosial bevissthet er ikke en god egen-skap man tillegger bare noen få, såkalte filantroper, men man går ut fra at sosial bevissthet kan kreves av enhver, simpelthen fordi den enkelte nå en gang lever i samme samfunn og stat som de menneskene som på den ene eller andre måten lider uforskyldt nød.
(Løgstrup, 1999, s. 72)
Dette er den etiske fordringa; at me i kvart enkelt møte med menneske og i kvar handling me gjer, held noko av andre menneske sitt liv i hendene våre. Me er alle ansvarlege.
Tidlegare i teksten har det blitt gjort greie for at det kan vere gode grunnar for ikkje å leggje normative føringar i definisjonen av leiing, då det kan truge ytringsfridomen, kreativitet og menneske sin personlege fridom. Løgstrup si etiske fordring vil ikkje gjere dette, fordi den er taus. Løgstrup (1999) bruker eit prisme som språkleg bilde og peiker på at fordi menneske, relasjonar og kontekst er forskjellig, bryt den etiske fordringa gjennom alle desse fasettane på ulike måtar. Det vil derfor ikkje vere mogleg å skrive ned normer som vil vere gjeldande i alle situasjonar. Carson og Skauge (2019) kjem, med innfallsvinkel frå berekraft og samfunnsansvaret til verksemder, fram til same konklusjon som Løgstrup. Etiske teoriar kan til ein viss grad sjåast på som teoriar som utfyller kvarandre, heller enn konkurrentar (Carson & Skauge, 2019) Kvalnes og Øverenget (Kvalnes, 2020) sitt navigasjonshjul, som vil bli presentert i kula etisk navigasjon, illustrerer dette på ein god måte.
Løgstrup og dialog
Samtalar mellom menneske hamnar ofte i to grøfter (Løgstrup, 1999); se figur 2.
Dialogen er i midten. Her går kommunikasjonen begge veger. Det som likevel ofte skjer, er at ein eller begge partar trekker seg frå samtalen - anten ved at samtalen blir heilt avslutta, at ein snakkar saman, men unngår visse tema, eller at ein eller begge går til åtak. Dialog er vanskeleg å praktisere (Øiestad, 2019), og når kommunikasjonen mellom enkeltpersonar eller grupper hamnar i ei av desse grøftene, blir det vanskeleg å jobbe saman, og det blir vanskeleg å gjere endringar, anten endringane gjeld å forbetre samarbeidet mellom tilsette i ei bedrift eller når politikarar, interesseorganisasjonar og næringsliv skal samarbeide for å nå FN sine berekraftsmål.
For ikkje å bli fanga i eigne forsvars- og angre
Gå til medietÅ jobbe saman for å bidra til det gode for verda inneber å snakke saman. Dialogen er i denne samanhengen viktig, men den er skjør (Øiestad, 2019) og treng å beskyttast (Kvalnes, 2019; Edmondson, 2019).