AddToAny

"Korleis fungerer tenester som yter spesialisert psykologisk behandling til

"Korleis fungerer tenester som yter spesialisert psykologisk behandling til
Barn høyrest sjeldan i familiesaker med vold. Korleis kan familievernet opne for barnets stemme?
Omfattande forsking viser at vold i familien har alvorlege følgjer for barn og unges psykiske og fysiske helse, både som vitne og direkte utsett, og at massive barrierar finst mot å fortelje og forstå når vold skjer (ACE-studien, 2013; D'Andrea, Ford, Stolbach, Spinazzola & van der Kolk, 2012). Å finne opning for dialog er avgjerande for voldens verknad (Carpenter & Stacks, 2009; Read & Bentall, 2012). Difor er det viktig at hjelpetenester evnar å sjå og høyre når vold skjer, og å spisse seg inn slik at vold blir adressert.

Seinare forsking har imidlertid vist at sentrale norske hjelpetenester, som spesialisthelsetenesta for psykisk helsevern for barn og unge (BUP), har vanskar med å sjå at vold skjer mot barn og unge (Reigstad, Jørgensen & Wichstrøm, 2006) og atterhald mot å inkludere familien i behandlande nettverk (Reigstad, 2012). Dette framstår som eit paradoks fordi det er tatt politiske grep for å førebyggje og gi rask og samordna hjelp ved vold mot barn (BLI, 2013; Helse- og omsorgsdepartementet, 2009; Justis- og beredskapsdepartementet, 2013).

Difor blir det viktig å spørje: Korleis fungerer tenester som har som spesifikt mandat å yte spesialisert psykologisk behandling til familiar med barn og vold? I Noreg har Familievernet (FVK) fått mandat til å prioritere denne typen saker (Bufdir, 2014). Det føreliggjande arbeidet undersøkjer korleis denne tenesta utfører oppgåva til familiar med barn og vold og kva utfordringar som finst. FAMILIEVERNETS PLASS Familievernet fekk statlege midlar til ekstra innsats i familiar med barn og vold gjennom prosjektet «Barn som lever med vold i familien», som vart sett i gang av statsråd Laila Dåvøy. Prosjektet gjekk frå 2004 til 2007, med utviding til 2010. Kompetanse vart bygd opp (Heltne & Steinsvåg, 2010, 2011) og politisk mandat gitt om prioritet (Bufdir, 2014).

Til grunn låg følgjande definisjon av vold: «Vold er ei kvar handling retta mot ein annan person, som, ved at denne handlinga skadar, smertar, skremmer eller krenkjer, får denne personen til å gjere noko mot sin vilje eller avstå frå å gjere noko som han/ho vil» (Isdal, 2013).

I etterkant av prosjektet er enkeltområde undersøkt, men det finst ikkje oversyn over generell innsats (Bufdir, 2010a; Middelborg & Samoilow, 2014; Oppvekstrapporten, 2013). Difor tok underteikna initiativ til å undersøkje arbeidet ved eit av landets store familievernkontor, Tromsø Familievernkontor, som deltok i prosjektet og ønska å gi prioritet til denne typen saker. Kontoret kunne difor gi viktig innsyn i faktisk innsats på området i etterkant av prosjektet. Tre forskingsspørsmål er stilt:



1. Kva saker kjem til FVK der barn lever i familiar med vold?

2. Kva arbeid skjer?

3. Kva framstår som hovudtrekk i arbeidet og viktigaste utfordring?



Målet med undersøkinga er å bidra til at offentlege tilbod om spesialisert terapeutisk behandling for familiar med barn og vold blir best muleg egna.



METODE Deltakarar Data var alle saker ved kontoret i eitt kalendarår (2012) med familiar med barn og vold. Vold var opplyst ved inntak eller etter oppstarta arbeid. Inkludert vart 103 av i alt 554 kliniske saker og 3 av 336 meklingssaker (N=106). Sakene omfatta 205 barn: 33 familiar med alle barn under 4 år, 21 med barn både over og under og 51 med alle over 4 år. Gjennomsnittleg tal på barn pr. familie var som for resten av landet. Geografisk opptaksområde er 4,5 % av Fastlands-Noreg pluss Svalbard, med 2 % av folketalet og same relative fordeling av barn under 18 år som resten av landet.



Prosedyre Alle fagpersonar (9) fylte ut eit anonymisert, semi-strukturert spørjeskjema for kvar av sine saker. Spørsmåla var utvikla på grunnlag av relevant forskingslitteratur, rådføring med kompetente fagfolk og drøfting i personalgruppa. Deretter vart beskrivande summerande statistikk (SPSS) av alle svara presentert for samla faggruppe for kvalitativ utforsking av hovudtrekk i arbeidet og viktigaste utfordring. Datatilsynet vart konsultert som opplyste at formell godkjenning ikkje var nødvendig.



Analyse Data frå spørjeskjema vart analysert ved hjelp av statistikkprogrammet SPSS. Beskrivande statistikk blei brukt for summerande statistikk over alle saker, og Brown-Forsythe-testen for å teste gruppeforskjellar knytt til talet på samtalar. Spesifikasjon av hovudtrekk i arbeidet og dei viktigaste utfordingane vart analysert og systematisert i samla faggruppa i samsvar med samforskande forskingstilnærming (Johannessen, Natland & Støkken, 2011). Dette skjedde ved presentasjon av deskriptiv summerande statistikk (SPSS) over alle saker for samla fagruppe på tre påfølgjande møte for samforskande kvalitativ analyse av hovudtrekk og viktigaste utfordring i materialet. Kvart møte utvida den forutgåande diskusjonen for å få så utfyllande analyse som muleg. «Hovudtrekk» betyr her hovudlinjer i pågåande arbeid. «Utfordring» betyr behov for nye grep som materialet peikar på. Likskap og ulikskap i vurderingar vart diskutert, nyansert og summert. Det følgjande presenterer kva saker som kom, arbeid som skjedde, og deretter faggruppas vurdering av hovudtrekk i arbeidet og viktigaste utfordring.



RESULTAT Kva saker kom?

Saker med barn og vold omfatta ca. 1/5 av alle kliniske saker i eitt kalenderår (103 av 554) og 3 av 336 meklingar. Fleirtalet av kliniske saker hadde vold oppgitt ved inntak. I meklingssaker kom vold opp undervegs. I alle saker var volden gradert som alvorleg. Type vold var oftast fysisk eller kombinasjon av fysisk og psykisk vold (77,4 %) med livstruande handling og/ eller slåing/dytting kombinert med trussel om vold, omfattande kritikk og kontroll over tid. Resterande saker gjaldt psykisk vold med trussel om fysisk vold, omfattande kritikk og kontroll over tid.

Kven var utøvar og utsett? Voldsutøvar var primær omsorgsperson i meir enn 90 % av alle saker, mest biologisk far (76,4 %), men også mor (25 %). Andre var stefar (5 %) og barn (tenåringssøner, 7,2 %).

Mest utsett var mor og barn, enten mor åleine (27,4 %) eller begge saman (41,5 %). Barn var direkte utsette i 64,1 % av sakene og vitne til v
Gå til mediet

Flere saker fra Tidsskrift for norsk psykologforening

Den ukentlige arbeidstiden for de fleste psykologer er 37,5 timer, men det er mange som jobber mer enn det - i hvert fall noen uker. Andre uker jobber man mindre.
Denne overskriften leder kanskje tankene hen til menneskemøter mellom pasient og behandler. I mange år har det vært stort fokus på å forbedre eektivitet, kvalitet og produktivitet i disse møtene. Dette er legitime og ønskelige mål, men jeg vil rette oppmerksomheten mot hvordan menneskene som går på jobb i helsetjenesten ivaretas og lyttes til, og mot behovet for økt tillit i tjenesten.
Formålet med tilsynssaker er å bidra til sikkerhet og kvalitet i tjenestene, samt tillit til helsepersonell og helse- og omsorgstjenesten.
Kognitive evnetester er treffsikre i ansettelsesprosesser, men kan slå uheldig ut for minoritetsgrupper og dermed undergrave mål om mangfold i arbeidslivet.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt