Tidsskrift for norsk psykologforening
02.12.2016
For å redusere risikoen for at einslege mindreårige flyktningar ikkje får den helsehjelpa dei treng, må psykologar være villige til å strekke psykologrolla lenger enn vanleg.
DER NORSKE BARN (som oftast) har foreldre som livet gjennom tek tak når systemet sviktar, er det ingen som heile vegen kjemper for dei einslege og mindreårige flyktningane. Eit kvardagsleg døme er at ein gut ikkje vert minna på avtalen han har hjå BUP, eller at han ikkje får hjelp til å hugse skøyter når skulen skal ha skøytedag. Eit meir skremmande døme: 178 einslege mindreårige asylsøkjarar forsvann frå norske mottak i 2015 (Fyen, 2016). Kvar dei er blitt av, kan ingen gjere greie for.
I sitt forsøk på å kompensere for at desse barna ikkje har foreldre, lønnar staten mange vaksne i ulike roller, for at barna skal få oppfylt rettane sine. Politiet, statleg barnevern, UDI, fylkesmannen, helsevesenet og utdanningsinstitusjonar, for å nemne nokon, har alle folk som jobbar med denne gruppa. Det er ikkje uvanleg at eit tosifra tal menneske skal ivareta eit born sine interesser, kvar på sin måte. Utfordringa er at alle har dette som jobb, med klare grenser for kva som er deira ansvarsområde og ikkje. Systemet manglar naturleg nok foreldra sin fleksibilitet og har ikkje heller deira grad av forplikting og engasjement.
Psykologar er ein del av dette systemet. Som fagpersonar med evna til å setje psykisk helse inn i eit større perspektiv, med kjennskap til tilknyting, utfordringar med tilpassing til nye situasjonar, traume og psykisk helse generelt, har psykologar eit særskilt ansvar i møte med dei einslege mindreårige flyktningane.
SITUASJONEN I NOREG
I 2015 var det 5297 barn under 18 år utan foreldre som søkte beskyttelse i Noreg (Utlendingsdirektoratet, 2016). 2016 er året desse barna går frå å vere asylsøk
Gå til medietI sitt forsøk på å kompensere for at desse barna ikkje har foreldre, lønnar staten mange vaksne i ulike roller, for at barna skal få oppfylt rettane sine. Politiet, statleg barnevern, UDI, fylkesmannen, helsevesenet og utdanningsinstitusjonar, for å nemne nokon, har alle folk som jobbar med denne gruppa. Det er ikkje uvanleg at eit tosifra tal menneske skal ivareta eit born sine interesser, kvar på sin måte. Utfordringa er at alle har dette som jobb, med klare grenser for kva som er deira ansvarsområde og ikkje. Systemet manglar naturleg nok foreldra sin fleksibilitet og har ikkje heller deira grad av forplikting og engasjement.