Forskerforum
31.10.2023
Danmark vil utdanne det landet treng og slutte med filologisk visvas. Kva med Noreg?
er du reformtrøytt? Vel, danske universitetstilsette har vore gjennom 30 reformer dei siste 20 åra. Dette ifølgje ei uformell oppteljing gjort av fagforeiningsmannen Brian Arly Jacobsen, som er intervjua i hovudsaka i dette bladet (side 14-21). Saka handlar om «kandidatreforma», som regjeringa i Danmark la fram før sommaren. Skal ein velje ut eitt stikkord for reforma, er det «yrkesretting». Sjukepleiarog lærarutdanningar skal få meir ressursar. Nokre masterutdanningar skal verte kortare, nokre av dei skal verte meir yrkesretta og det vert færre studieplassar på bachelor.
Ein brei allianse med sosialdemokratane i spissen står bak reforma, men ho er svært omstridd blant dei som har skoa på. Nemnde Brian Arly Jacobsen i Dansk Magisterforening omtalar reforma som eit eksperiment som verken studentar, universitetstilsette eller næringslivet
Gå til medietEin brei allianse med sosialdemokratane i spissen står bak reforma, men ho er svært omstridd blant dei som har skoa på. Nemnde Brian Arly Jacobsen i Dansk Magisterforening omtalar reforma som eit eksperiment som verken studentar, universitetstilsette eller næringslivet


































































































