Bondebladet
11.08.2016
I eit intervju med Bondebladet 28. april i år tok eg til orde for at jordbrukstingingane bør operasjonalisere dei fellesgoda som næringa skal levere.
Jordbruksavtalen er det viktigaste instrumentet for å realisere stortingsviljen slik måla for landbruket er gjengitt t.d. i Budsjettproposisjonen for 2016 med fire overordna mål: «Matsikkerhet, Landbruk over hele landet, Økt verdiskaping, Bærekraftig landbruk». Om vi går til krav/tilbodsdokumenta frå årets tingingar, finn vi ingen freistnad på å vise korleis avtalen vil verke til å realisere måla. Samanhengen mellom mål og verkemiddel er vag, dermed blir det ikkje mogleg i neste omgang å måle om den enkelte avtale er funksjonell for å realisere Storingsviljen.
Gå til medietAt jordbrukspolitikken over tid ikkje leverer fellesgoda, er eit tema som jamt er framme


































































































