Bondebladet
12.01.2017
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er i media sitert på at han er bomsikker på at den politikken som blir presentert i jordbruksmeldinga vil vere svært positiv for distriktsjordbruket, og at han er skuffa over at bøndene er i tvil om det stemmer.
Det er ei kjent sak at til mindre ein kan og forstår, jo lettare er det å vere heilt sikker. Etter kvart som ein lærer så forstår ein at komplekse samanhengar oftast gjer det vanskeleg å vere heilt sikker. Eg har gjennom 16 år som tilsett i kraftfôrbransjen, 13 år som bonde og 8 år som tillitsvalt i Bondelaget lært at det ofte er vanskeleg når økonomi, sosiale forhold og politikk skal resultere i avgjerder som vil definere resten av livet ditt.
Gå til medietNår ein skal ta avgjerd om å bli bonde eller ikkje, om å satse og bygge nytt fjøs eller ikkje, eller om ein skal kaste inn handkledet og legge ned gardsdrifta, så skal avgjerda takast på bakgrunn av politiske signal, økonomien i dag og kva ein trur om framtida, og ikkje minst ei vurdering av kva valet ein gjer vil ha å seie for ein sjølv, for familien og for korleis folk rundt ein ser på ein. Vel du å bygge fjøs til 6 eller 10 millionar har du låst deg fast til garden dei neste to tiåra. Da skal du vere rimeleg


































































































