I.
I mai i fjor vart den danske politikaren Søren Pind intervjua av Berlingske Tidende. Det var eit intervju som skapte litt rabalder, for Pind har vore minister i fleire borgarlege regjeringar, og i intervjuet sa han at dei borgarlege i Danmark var i krise, fordi dei var råka av ei slags sjuke, islamitis.
Om me riv det laus frå latinen, kan me samanfatta med at Pind kritiserte dansk borgarlegheit for å ha fått islam på hjernen, og det omlag på same måten som ein får ein irriterande poplåt på hjerna. Han kritiserte dei altså for å lata innvandringspolitiske spørsmål dominera alt, for samstundes å kasta grunnleggjande verdiar overbords, og dessutan for å ha «skabt en enorm forfaldsfortælling, en dystopi».
I ein kronikk skrive i slutten av oktober utdjupa han. Han synte til at Dansk Folkeparti-politikaren Marie Krarup, dotra til vidgjetne Søren Krarup, hadde lasta opp eit bilete av seg sjølv i sosiale media. På biletet stod ho saman med eit ungt kvinneleg partimedlem, Amina Sardar, og teksten under sa: «En kristen og en muslim i samme parti!».
Som Pind seier det: «Så brød fanden løs». Det kom kommentarar som: «Der findes ikke en god version av den slags!», «OK, det eliminerede enhver tvivl, jeg kommer aldrig til å stemme Dansk Folkeparti igjen». «Det bør ikke være muslimer i Dansk Folkeparti». Ho vart fortalt at det å integrera muslimar var ei umogleg oppgåve, at ho burde vita betre. Pind oppsummerer:
Sagen er desværre, at de borgerlige ligger, som de har redt. Der er en lang række borgerlige politikere, der konstant har tegnet en dystopi, har oppustet kriminaliteten og overdrevet problemet ved de muslimske medborgere, vi har i Danmark.
Danmark var i 2019 også landet der Rasmus Paludan nesten klarte å få sitt nye parti Stram Kurs vald inn i Folketinget. Partiet vil forby islam og hundretusenvis av menneske frå landet. 1,8 prosent av danskane røysta på partiet. I klår Over 63.000 danskar røysta på eit parti som opent gjekk inn for etnisk reinsing.
Men den typen idear er meir utbreidde enn som så, synte ei undersøking frå oktober. Blant over 5.900 respondentar var 17,1 prosent heilt samde i at muslimske innvandrarar bør sendast ut av Danmark, og 10,9 prosent delvis samde. Til saman er det meir enn kvar fjerde danske. Den kjende val- og velferdsforskaren Jørgen Goul Andersen understrekar rett nok at tala bør takast med ei klype salt:
Det er ikke usandsynligt, at en del af de 28 procent reelt bare har svaret, at de ikke kan lide muslimer. Altså ikke den grønthandler rundt om hjørnet eller den venlige hjemmehjælper, som kommer i hjemmet for at gøre rent, men "muslimer" som et abstrakt fjendebillede.
II.
I det siste har eg tenkt ein del på dette, igjen. Det er det tre grunnar til. Den fyrste er at det stadig kjem nye bøker, også på norsk, i sjangeren forfallsforteljing. For nokre år sidan var det Hege Storhaug si bok om islam som den ellevte landeplage. Eit meir nyleg døme er Halvor Fosli si bok Mot nasjonalt sammenbrudd. I forordet fortel han oss at Noreg