AddToAny

Innvandrarar vil ha likebehandling

Innvandrarar vil ha likebehandling
Innvandrarar i akademia vil helst ikkje bli sett på som innvandrarar. Det er eit dilemma for mangfaldsarbeidet ved institusjonane.
Kjerstin Gjengedal - Utanlandsfødde tilsette blir omtala som om dei representerer noko meir enn seg sjølve, seier Cathrine Egeland. Dette er arbeidstakarar som er tilsett i kraft av den faglege kompetansen dei har, men i diskusjonen om mangfald blir dei omtala som om dei representerer noko meir, til dømes ein spesiell landbakgrunn eller kulturell bakgrunn. Sjølve meiner dei at det er dei akademiske merittane deira som skal vere avgjerande, seier forskar ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI), Cathrine Egeland. Vil ikkje vere mangfaldsrepresentant Egeland har leia eit prosjekt for å skaffe kunnskap om mangfald og karriereløp for personar med innvandrarbakgrunn i høgare utdanning og forsking i Noreg. Prosjektet var bestilt av Komitéen for kjønnsbalanse og mangfald i forsking, og rapporten Å være utlending er ingen fordel vart lagt fram i mars i år. I tillegg til kvantitative dataanalysar og litteraturgjennomgang, gjorde forskarane også intervju med eit lite utval vitskapleg tilsette med utanlandsk bakgrunn ved tre ulike forskingsinstitusjonar i Noreg. Som forskerforum.no tidlegare har skrive, gav mange av informantane uttrykk for at dei opplevde å ikkje bli inkluderte på arbeidsplassen. I rapporten blir det vist til at mangfaldsarbeidet ved institusjonane gjerne har fokus på rekruttering, og mindre på inkludering i etterkant. I intervjua var det fleire som sa at dei opplevde utfordringar med å bli inkluderte i arbeidsmiljøet, men på same tid hadde dei ikkje noko ønske om å skulle vere mangfaldsrepresentantar og stå for noko meir enn det dei var tilsett for, seier Egeland. Manglar verktøy I rapporten peikar forskarane på at dette er eit reelt dilemma i institusjonane sitt mangfaldsarbeid. I staden for merksemd på det faktum at dei er innvandrarar, ønskjer utanlandske tilsette å bli omtala og behandla som individ, og verdsette for kompetansen dei har. Det gjer det vanskeleg for institusjonane å utvikle strategiar for mangfaldsarbeidet, til dømes for å unngå diskriminering mot spesielle grupper. Institusjonane manglar dessutan verktøy for å kartleggje kva behov utanlandsfødde tilsette har, spesielt dei som har budd lenge i Noreg og gjerne også har delar av utdanninga si herifrå. Egeland fortel at mange av informantane ønskte seg likebehandling, men at det må skje gjennom eit inkluderande arbeidsmiljø som respekterer at menneske er ulike. Betre for alle Men samtidig treng dei spesiell tilrettelegging på nokre område, spesielt knytt til språk. I stillingsannonsar gjev institusjonane gjerne inntrykk av å vere veldig internasjonalt orienterte og opptekne av eksellens. Men mange av dei som altså har søkt desse stillingane, opplever at når det kjem til stykket, er det ikkje så mange som er interesserte i å sitje i kantina og snakke engelsk med dei. Det informantane opplever som manglande inkludering, er ikkje mykje av det berre eit uttrykk for heilt normal sosial omgang? Ønsket vårt var å trekke fram nokre dilemma som sjeldan blir diskuterte i debatten om mangfald og akademisk eksellens. Institusjonar innan høgare utdanning og forsking har fleire målsettingar, og det er viktig å vere merksam på at dei kan trekke i ulike retningar. Arbeidsmiljøet blir sjeldan omtala som viktig i akademiske samanhengar, men dette med manglande inkludering i arbeidsmiljøet er jo noko som kan ramme fleire enn berre utanlandske arbeidstakarar. Dersom ein er merksam på deira utfordringar, kan ein kanskje skape eit arbeidsmiljø som er betre og meir inkluderande for alle, seier Egeland.
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt