kommunikasjonsrådgiver En artikkel fra Statped
Stortingsmelding nummer 18 Læring og fellesskap frå 2010 peiker på at barn og unge med utviklingshemming og store samansette lærevanskar blir møtt med for låge forventningar og ein mangelfull pedagogisk innsats i barnehage og skule.
På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet utviklar difor Statped tiltak for å fremje inkludering og auke læringsutbyttet for gruppa. I prosjektet Vi sprenger grenser har Statped gjennomført forsøksstudiar på barnehagar og skular rundt om i landet, i tett samarbeid med PP-tenesta, leiarar ved institusjonane og føresette.
Tiltaka som er prøvd ut, har overordna gått ut på å:
Skape medvitne haldningar til inkludering og utvikle ein inkluderande praksis.
Styrke laget rundt læraren. Alle involverte treng naudsynt kompetanse og må jobbe saman.
Nytte teknologi og alternative kommunikasjonsformer.
Haldningsarbeid
Og det viser seg at haldningsarbeid nyttar.
- Inkludering kjem ikkje av seg sjølv. Det krev