Njøs-miljøet med sine åtte tilsette er Sogn og Fjordane sin reiskap for nyskaping og næringsutvikling i frukt og bær. Selskapet er eigd av bedrifter med interesser i frukt- og bærnæringa i fylket, og er aktive med forskning og utvikling gjennom lokale, nasjonale og internasjonale prosjekt.
Njøs-avdelinga for sorter køyrer basisprosjekt med nye frukt- og bærslag. Feltforsøk blir følgt opp med forsøk hos produsentar, hvis resultata er lovande. Eit eksempel på dette er tindved, som er planta ut på 10 dekar, for det meste i Lærdal.
Njøs har også eit gensenter som jobbar med genressursar nasjonalt og internasjonalt.
Dei har jobba mykje med strategi på Njøs, og Hjeltnes ser at innovasjon skaper mykje positivt. Mange trekker i same retning og fokuserer på positive ting, og frukt- og bærmiljøet marknadsfører Sogn og Fjordane som «Norges fruktfat».
Celina ein suksessGraminor, Njøs Næringsutvikling, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Gartnerhallen sin FoU-sjef