Forskerforum
03.10.2023
Ved hjelp av kollektiv intelligens kan klynger av hus spare straum saman, fortel forskarar i Ålesund.
- Målet er bygg som automatisk reduserer forbruk og kostnader og samtidig svarer på behova til energinettet. Alt utan at komforten må ned, seier prosjektleiar Mohammadreza Aghaei.
Avsindige straumprisar skrik mot deg frå ei nettavis eller ein eller annan app. Du vrenger ned termostatar, skrur av brytarar og innfører dusje-, klesvask- og oppvaskforbod for heile familien.
Du overvaker prisutviklinga og tek så vidt sjansen på klesvask klokka fire ein morgon, medan du leitar fram ullgenseren. Innetemperaturen har stupt til 16 grader.
Du er redd badegolvet kan gi frostskadar. Gode avgjersler om straum er lettare sagt enn gjort. Kor mykje og kor lenge kan varmen skruast ned utan at dei som bur i huset, byrjar å fryse? Når er det mest økonomisk og miljøvenleg å køyre oppvaskmaskina?
Prosjekt i seks land
Kanskje er det ei trøyst at forskarar jobbar med system som kan gjere husa smarte nok til å ta slike avgjerder på våre vegner.
- Det ligg eit stort potensial i enklare, kjappare og ikkje minst automatisk styring av straumbruken - for alle slags bygg, seier Aghaei, prosjektleiar og seniorforskar ved NTNU Ålesund.
Slikt kan spare både straum og pengar og bli ein viktig ressurs for straumnettet - både for å balansere produksjon og forbruk og for å hindre overbelasting.
Smarte bygg kan nemleg få spørsmål om å redusere forbruket ei lita stund. Saman kan mange slike hus bli ei kraft å rekne med. Oppskaleringa skal skje ved å etterlikne svermåtferd i naturen, som til dømes fiskestimar.
Prosjektet har partnarar i seks europeiske land og omfattar kommunale bygg i Ålesund, bustadblokker i Milano i Italia, ein «living lab» i Grenoble i Frankrike og fleire universitetsbygg i Nikosia på Kypros.
Finansieringa kjem frå EU-programmet Horizon 2020 og er på 40 mi
Gå til medietAvsindige straumprisar skrik mot deg frå ei nettavis eller ein eller annan app. Du vrenger ned termostatar, skrur av brytarar og innfører dusje-, klesvask- og oppvaskforbod for heile familien.