ARK-undersøkinga er eit samarbeid mellom norske universitet og høgskular, og kartlegg arbeidsmiljø og organisasjonsklima på ein standardisert måte. Dette blir gjort på ulike nivå, som til dømes institutt.
, Twitter og Instagram.
Spør ikkje om trakassering og mobbing
Deretter blir resultata presenterte for dei som er spurde, og det blir typisk gruppearbeid der dei tilsette kan foreslå korleis arbeidsmiljøet kan gjerast betre.
Det blir ikkje spurd om verken mobbing eller seksuell trakassering i undersøkinga. Dei tilsette må ta stilling til spørsmål som til dømes «Hvordan er klimaet på din arbeidsenhet?», og må oppgi på ein skala frå 1 til 5 om det er «konkurranseorientert», «oppmuntrende og støttende», «mistroisk og mistenksomt», «avslappet og behagelig» eller «stivbeint og regelstyrt». Det er òg spørsmål om i kor stor grad næraste leiar er rettferdig, og om ein har tillit til næraste leiar og leiar ved den overordna eininga.
Dei samla resultata er anonymiserte, slik at det ikkje skal vere muleg å skjøne kven som har svart kva. På Høyden har fått innsyn i dei generelle resultata for kvar institusjon, men


































































































