AddToAny

Havmannen

Havmannen
Sjølv om vi har ei av verdas lengste kystlinjer, har Noreg blitt synonymt med fjell og bønder. Forfattar Morten Strøksnes fryktar vi er i ferd med å gløyme kva kysten og havet betyr for oss.
Han vaks opp ved havet, ved det uendelege Barentshavet i Kirkenes, men vi møter Morten Strøksnes på tjukkaste innlandet, blant grøne skogar og mjuke fjell, på Lillehammer rundt 200 meter over havnivå. Han flytta hit for eit halvt år sidan, etter lang tid i Oslo og utlandet, kor det heller ikkje var stort med havutsikt av den kaliberen han er van med.
- Eg saknar havet litt, men eg kan ikkje insistere på at vi skal flytte fordi eg skal sitje og stirre på havet. Det går dessverre ikkje, seier Morten Strøksnes lattermildt.

KONSTANT ENDRING
No bur han og familien i kona sin barndomsheim, eit stort lafta hus.
På veggen heng eit maleri av ei håkjerring. Den store haien utgjorde ei sentral rolle i boka han kanskje er mest kjend for; «Havboka, eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider». Ei fascinerande forteljing om tida, mytologien og kultur- og vitskapshistoria si skiftande framstilling av havet.
- Kva er det med havet og kysten?
- Nokre som ikkje har kontakt med havet, trur at det er ein konstant og einsformig plass, men det er absolutt ikkje slik. Det er ein plass i konstant endring, og du er veldig nære både himmelen og kysten og veret og alt mogleg rart. For meg gjev det ei fin kontemplativ ro, ein annan puls der ein er i ein konkret straum i staden for ein mediestraum. Det er slike grunnar til at så mange søker ut i naturen.
Strøksnes står bak kvasse formuleringar som at «innlandet berre er fyllmasse for kysten», og «ein dal berre er ein fjord utan vatn». Han er likevel forsiktig med å klage på livet på Lillehammer, kanskje spesielt på ein dag som denne. Det er varmt, usedvanleg varmt. Buskar, tre og gras bognar av grønfarge, og like utanfor huset veks blåbærlyng. Og sjå der! Eit ekorn spring fram og tilbake over skigarden som skil tomta frå naboane. - Det er litt idyllisk, med dyreliv og greier. Eg trivs betre enn eg trudde eg kom til å gjere. Det er ein fin liten by.
Det nære forholdet forfattaren har til kyst og hav stammar først og fremst frå all tida han har brukt hos slektningar i Nordland. Han snakkar om korleis landskapa vi har kring oss, formar kul
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Mestring og lek står i sentrum når Barnas Turlag Stadlandet arrangerer surfekurs.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Fyrstene av Finntjern - Lars Elling ? Bok
Fjell og Vidde 14.06.2024
Innimellom kan jeg få følelsen av å befinne meg ombord på Titanic. Alle har innsett at noe alvorlig er i ferd med å skje. Samtidig fortsetter musikken på full guffe.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Sota Sæter DNT ligger i Breheimen og har de siste årene blitt kjent for sin satsing på mat og en FjellPride-feiring det går gjetord om. Ved Liavatnet i Skjåk ligger de 10 bygningene som utgjør den over 100 år gamle setra. Her tryller vertskapet frem de lekreste retter.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Min søster bor på en øy i et krokete sund ved havet.
Fjell og Vidde 14.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt