AddToAny

Gullkanta råd om grønt gras

Gullkanta råd om grønt gras
Ragnvald Gramstad har trødd i graset i 40 år. Den jordkopla seniorrådgjevaren har slitt ut tallause par med støvlar og diskutert frø, gjødsling og hausting med fleire generasjonar bønder. Nå er han klar for ein ny vår og fleire markvandringar i grøne, næringsrike grasmarker.

Du får heller koma i morgon. I dag er bøndene i vår-modus. Telefonen går varm, smiler Ragnvald Gramstad, medan han småstressa fiklar med kvite øyrepluggar og spring lettbeint mellom kontora i huset til Norsk Landbruksrådgiving Rogaland på Særheim i Klepp.

Vårsola gjer noko med folk. Bøndene utgjer ikkje eit unnatak. Til hausten har han vore i jobben i 40 år. Ragnvald Gramstad var budd på at stillinga som seniorrådgjevar, i det som på folkemunne framleis blir kalla for Forsøksringen, ikkje er nokon 8-16 jobb, særleg ikkje i vekstsesongen.

- Det har blitt ein livsstil. Eg har ei tolmodig kone, som finn seg i at eg har to-tre år med avspasering til gode, seier han, og opnar latterdøra på vid gap.

Han summerer gjerne opp jobben han har hatt frå han var 24 år i 1976.

- Ein gjevande arbeidsplass i eit aktivt landbruksmiljø, saman med gode kollegar og bønder som stiller krav, seier han.

DUSJA I HUSDYRGJØDSEL

Trivsel er eit anna nøkkelord for seniorrådgjevaren. Bøndene kvitterer for god rådgiving på ulikt vis. Ragnvald har fleire bind med mentale utklipp, sortert blant siste nytt om nedmolding og raigras, lagra i den biologiske harddisken under den karakteristiske capsen. Det er gode, livsfremjande episodar, makelaus humor og kommentarar som aldri går ut på haldbarheitsdato. Som for eksempel den gongen den yngre Gramstad stod ved gjødselpumpa bak løa hjå ein bonde på Jæren, for å fylla i ein husdyrgjødselbehaldar i samband med eit gjødslingsforsøk.

Ekvipasjen glei seint fram, utan at Ragnvald oppdaga kva som var i ferd med å skje. Då den kraftige gjødselstråla nådde kanten på behaldaren, fekk han ein heftig gjødselsprut over seg. Han vart i løpet av eitt sekund eller to,

Gå til mediet

Flere saker fra Norsk Landbruk

Prisene på viktige innsatsfaktorer som diesel og gjødsel sørget for at Bondens Prisindeks (BPI) steg med 4,8 prosent i mars. Dette er det største månedshoppet på fire år.
Norsk Landbruk 14.05.2026
Kveldskosen som tok en uønsket vending. Foto: @goats. of.kvaale
Norsk Landbruk 14.05.2026
– Jeg trives godt med geit, men det er en arbeidsintensiv produksjon som det er krevende å kombinere med et familieliv, sier Eirin. Hun og mannen melker 170 dyr og fôrer opp cirka 300 kje.
Norsk Landbruk 14.05.2026
MELK Redaksjonen i Norsk Landbruk har fått et tips fra en melkeprodusent om at Tine flere steder i landet kjører myse og grensemelk rett i gjødselkummen til en del bønder.
Norsk Landbruk 14.05.2026
Stor kapasitet, fleksibel i drift samt minimal innblanding av jord og urenheter kjennetegner den nye riva fra Italia.
Norsk Landbruk 14.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt