AddToAny

Grenseverdi

Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
europa er full av grenseovergangar som folk kryssar for å handle daglegvarer billegare på den andre sida. Danskane og nederlendarane dreg til Tyskland. Tyskarane til Polen. Og nordmenn dreg, sjølvsagt, til Sverige. Men kva faktorar er det som påverkar om ein dreg eller ikkje?

Veit lite om daglegvarer
- Det er sagt at Sverige er Noregs fjerde største daglegvarekjede, seier Frode Steen, økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskole (NHH) og leiar for FOOD (sjå faktaboks). FOOD er eit forskingsprosjekt ved NHH som er finansiert av NorgesGruppen, landets største daglegvarekonsern, som eig daglegvarekjedene Meny, Kiwi, Joker og fleire andre.
Steen peikar på at til å vere eit så politisk viktig felt, med forgreiningar både til folks privatøkonomi og til jordbruks- og distriktspolitikk, veit vi eigentleg overraskande lite om korleis situasjonen er i daglegvaremarknaden. Det var bakgrunnen for at NorgesGruppen i si tid ønskte å støtte eit forskingsprosjekt.
- Eg har gjennom heile karrieren jobba med å forstå konkurranse, og eg har også alltid vore empirikar. Gjennom forskingsavtalen med NorgesGruppen har vi fått tilgang til data og lært oss korleis bransjen fungerer, og problemstillingane vi har forska på, har til dels blitt definerte ut frå kva vi trur vi kan få til med det datamaterialet vi kan skaffe, fortel han.

Prisforskjellen avgjer
Steen og kollegaene ved NHH oppdaga tidleg at det ikkje var gjort så mykje forsking på grensehandel med daglegvarer. Mykje av forskinga har teke for seg varer som alkohol og tobakk, varer som vi, av omsyn til folkehelsa, helst vil avgrense tilgangen på, og der prisane varierer sterkt med avgiftsnivået i ulike land. Elles har den generelle oppfatninga av grensehandel vore nokså enkel: Det er dei som bur nærast grensa, som handlar mest på andre sida, difor er det også dei som i størst grad endrar handlevanane sine når prisforskjellen endrar seg. Så avtek effekten lineært med avstand frå grensa. Men stemmer dette? - Vi tenkte at det kanskje kunne vere mogleg å sjå på kva som driv endringar i grensehandel, seier han.
Den opplagte drivaren er prisforskjell. Pri
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt