AddToAny

Grønt lys for Riksarkivaren

Grønt lys for Riksarkivaren
I går gav Stortinget klarsignal til Riksarkivaren om å halde fram med omorganiseringa av Arkivverket. Johanne Landsverk Dette gjekk som forventa.
Familie- og kulturkomiteen hadde bestemt seg for at saka skulle gå glatt gjennom i Stortinget utan debatt, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet (Sp). To framlegg frå Sp om den nye organiseringa av Arkivverket har vore til handsaming i familie- og kulturkomiteen: at Stortinget ber regjeringa oppretthalde og styrkje dei åtte regionale statsarkiva som eigne institusjonar, og at Stortinget ber regjeringa fremje sak for Stortinget dersom det vert føreslått endringar i det statlege Arkivverket si organisering. Saka kom opp i Stortinget i går. Saksordførar Svein Harberg (H) sa frå talarstolen at familie- og kulturkomiteen meiner dette per i dag ikkje er ei sak for Stortinget. Ein samla komité er samde om å ikkje ta stilling til saka. Vi har tillit til at Arkivverket sjølv, i samarbeid med politisk leiing, handsamar dette. I tillegg er det jo slik at forslaga som Sp fremjar er upresise, for der står det at ein skal oppretthalde dei regionale statsarkiva som eigne institusjonar, og det er dei jo ikkje i dag. Statsarkiva er ein del av Arkivverket, sa Harberg. Avviser saka Harberg meinte det vil vere heilt feil av Stortinget å gripe inn og detaljstyre prosessen i Arkivverket. Komiteen aviser saka frå Sp og stiller seg ikkje bak desse forslaga. Kulturminister Linda Hofstad Helleland meinte Riksarkivaren har presentert ei ny skisse som tek omsyn til behovet for omorganisering i etaten og i tillegg opprettheld tenestene ved statsarkiva. Etter dette vedtaket er gjort, vil eg be Riksarkivaren om å ta opp att forhandlingane med dei tillitsvalde. Føresetnaden er at statsarkiva skal behaldast og spesialiserast ved å få overført nasjonale oppgåver frå Riksarkivet. Fleire oppgåver skal flyttast ut frå Oslo til distrikta, uttalte ho. Opp til dei tillitsvalde Men Toppe seier til Forskerforum at risikoen for sterkare sentralisering av tenestene i Arkivverket er like stor som før. Den nye skissa Riksarkivaren har lagt fram har ikkje endra på dette, meiner ho. Saksordføraren i komiteen meinte Stortinget ikkje kan gripe inn i prosessen. Men her er det ikkje snakk om ei intern omorganisering. Dette er arkivpolitikk, seier Toppe. Ho seier statsråden no har plassert ansvaret på organisasjonen sjølv og på dei tillitsvalde. Det er no opp til dei tillitsvalde i Arkivverket å sørgje for at ein får ei organisering som gjer at ein får behalde statsarkiva og handlingsrommet deira lokalt.
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt