AddToAny

Grønsaker for eit varmare klima

Grønsaker for eit varmare klima
I framtida dyrkar du kanskje søtpotet eller soya i kjøkenhagen. Forskarar prøver ut grønsaker for eit endra norsk klima.
Tidlegpoteten har nyleg kome i jorda i Landvik ved Grimstad. Det er april, og vinden bles kaldt rundt husveggene ved den sørlegaste forskingsstasjonen til Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). Men inne i veksthuset er det gloheitt. I kassar med jord ligg søtpoteter og kosar seg i varmen. Frå kvar knoll veks det opp groar eller utløparar, også kalla slips.
- Søtpoteten er ein subtropisk rotgrønsak som særleg blir dyrka i USA, Israel og Egypt. For at søtpoteten i det heile skal spire, må det vere 25-30 varmegrader. Difor må vi her i Noreg først lage plantar innandørs, seier Erling Stubhaug, som er forskar og stasjonsleiar ved Nibio Landvik. Han har leia eit toårig forsøksprosjekt med utprøving av den varmekjære grønsaka, som ikkje er i familie med poteten ute i den kalde åkeren. Grønsaka er søt og vitaminrik, og har eit breiare bruksområde enn poteten.
- Søtpoteten er blitt svært trendy her i landet, særleg blant dei unge. Etterspørselen har auka frå nokre få tonn i året til 4000 tonn, og i dag importerer vi nesten 80 tonn søtpoteter per veke. Nesten alt kjem frå USA, fortel Stubhaug.

Varme påverkar smaken
Den varme sommaren i fjor gav store tap for jordbruket mange stader i landet. Men varmare klima kan også gje oss nye produkt som likar høg temperatur. I dag blir det nesten ikkje produsert søtpotet i heile Norden, og i liten grad i Europa.
- I Nibio prøver vi ut nye kulturar som kan vere aktuelle for bøndene, og vi hadde lyst til å sjå om det er mogleg å få til ein økonomisk og levedyktig produksjon av søtpotet i Noreg. Vi samarbeider med grønsaksbedrifta Bjertnæs og Hoel på Nøtterøy. I tillegg har vi hatt testforsøk her i Landvik, der det vart prøvd ut ulike sortar og dyrkingsteknikkar, se
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt