Bondebladet
12.11.2016
Paul Sindre Vedeld kjøpte ny elektrisk minilaster. Med minimal støy og null eksos er elektriske minilastarar særleg godt egna for innandørsbruk, for eksempel til fôring i fjøs.
- Vi har ein Avant minilaster frå før og er veldig nøgde med han. Men når eg såg video med den nye elektriske modellen, var eg ikkje i tvil. Ein slik ville vi har, seier Paul Sindre (51) frå Rovde i Vanylven.
Les merHan er på messa saman med sonen, Pål Kristian Vedeld (23). Dei to kjøpte den fyste minilastaren av denne modellen her i landet gjennom FK Agri.
Les meir: Disse 12 nyhetene møter deg på Bedre Landbruk
Paul Sindre driv med mjølk og eggproduksjon heime på garden, og har akkurat flytta inn i nytt mjølkefjøs.
Frå 1. januar aukar han mjølkekvoten frå 310 til 470 tonn, fordi han også skal leige kvote av ein slektning.
I tillegg har han eggproduksjon frå 7 500 høner.


































































































