Fjell og Vidde
28.07.2017
Haugar med jakker, bukser og sekkar. Brukte, utslitte, øydelagte. Det som ikkje kan fiksast på Bergans si systove, blir til nye produkt. No lærer dei DNT ung å fikse gamle turklede.
Kan me ta kva me vil, spør Hans-Martin Erlandsen.
27-åringen står på lageret til systova hjå Bergans i Hokksund og ser etter den perfekte blåfargen. Han leitar blant jakker som har blitt vaska feil, jakker som er godt brukte og har gått opp i saumane. Nokon framleis heile, dei fleste framleis fine i fargen.
Ved sida av han er Maria Mathisen. Dei er her for å lære om reparasjon og redesign. Deretter representerer dei DNT ung og Bergans på Vinjerock og Fjellfilmfestivalen.
Heilt i tråd med Miljøvettreglane som vart utvikla av DNT ung og POW Norge i 2016, skal dei jobbe for eit meir sporlaust friluftsliv.
- Dette er ein utruleg sjanse til å lære meir om friluftsliv og gode produkt. Det er viktig å kunne ta vare på dei tingene ein har, både for lommeboka og for miljøet. Det er også utruleg spanande å vere kreativ og inspirere andre til å gi nytt liv til gamle ting, seier Maria.
«OPPBRUKTE» KLEDE TIL NYTTE
I haugen av klede plukkar ho ivrig opp ei rosa jakke med blått mønster på innsida. Ho held den opp, utbryt eit «oi», og deretter kjappar ho seg ut frå lageret og inn til det store bordet midt i systova. Ho får tildelt ei saks.
- Kan eg klippe i dette, kan eg verkeleg det, spør Maria.
- Det skal destruera
Gå til mediet27-åringen står på lageret til systova hjå Bergans i Hokksund og ser etter den perfekte blåfargen. Han leitar blant jakker som har blitt vaska feil, jakker som er godt brukte og har gått opp i saumane. Nokon framleis heile, dei fleste framleis fine i fargen.