AddToAny

Fysioterapeututdanninga: Innføring av to-kvote søknad - eit steg i riktig retning?

Personlig erfaring Sondre Solberg, 3.års fysioterapeutstudent, Høgskulen på Vestlandet og nestleder FYSIO Bergen og styreverv FYSIO Norge. Jonas Lillejord, 3.års fysioterapeutstudent, Høgskulen på Vestlandet og leder FYSIO Bergen.
Personlige erfaringer vurderes redaksjonelt. Artikkelen inneholder forfatternes meninger/ erfaringer.

Me er svært takksam for moglegheita til å engasjera og utdanna oss som framtidige fysioterapeutar, og ingen av oss angrar eit sekund på kva retning me har vald. Begge oss forfatterane hadde klare mål om kva me ville oppnå med utdanninga da me leverte søknaden inn til Samordna opptak. Det vert stilt krav til eit høgt snitt, og medan den eina av oss forfattarane kom inn med kvota for fyrstegongsvitnemål, kom den andre inn med ordinær kvote. Heldigvis oppfylte me poengkrava, men slik er det nødvendigvis ikkje for alle som ynskjer å utdanna seg som fysioterapeut. Gjennom denne artikkelen vil me drøfta fordelar og ulemper av å implementera ei «2 kvote ordning», som tar for seg blant anna kor skikka og motivert ein er ved opptak.

Innleiing

Dei siste åra har poengkrava for å kome inn på ulike studiar skutt i været. Dette er blant anna eit resultat av koronapandemien, og langt fleire har søkt seg inn og poenggrensa har blitt betydeleg høgare ved studiar som allereie har ei høg poenggrense (1). I følgje tal frå samordna opptak er snittet for fysioterapiutdanninga generelt høgt ved alle dei fire utdanningsinstitusjonane i Noreg, og dette er ei veldig populær utdanning på landsbasis (2). I tabellane nedanfor ser du endring av poengkrava dei siste åra for å koma inn på studiet i Noreg via hovudopptak. Tal henta frå Samordna opptak (3).

I Danmark og andre land søkjar ein i to kvoter, kvote 1 og kvote 2. I kvote 1 er det flest plassar (ofte ca. 65 %, nokre har 50/50), og her er det berre karakteren som tel, akkurat slik som i Noreg. Søkjar ein i kvote 2 vert ein automatisk også vurdert i kvote 1, og ved høgt nok snitt kjem ein inn via kvote 1. I kvote 2 skal andre ting hjå søkaren vurderast, og døme på dette kan vera relevant arbeidserfaring, relevant utdanning, eller motivasjonsbrev. Kva som vert vektlagt varierer frå lærestad til lærestad (4). Meininga med eit slikt to-kvote-system er å sikra at det ikkje berre er karakterane som avgjer om ein får byrja på utdanninga, men også personlege faktorar.

I Nederland har dei lang erfaring i bruk av poenggrenser i opptaksprosessen slik som i Noreg, men i tillegg vert det nytta supplerande seleksjonsprosedyrar (frå og med 2013). Studiar som fysioterapi og medisin nyttar seleksjonprosedyrar for å fange opp kven som er mest eigna kandidat til å gjennomføra studiet og møta kompetansekra

Les mer

Flere saker fra Fysioterapeuten

Fysioterapeuten 24.01.2024
Kontaktpersoner er bindeleddet mellom avtalefysioterapeuter og kommunen. I Indre Østfold bidrar Terese Brustad og Hege Fundingsrud Novak til å synliggjøre fysioterapeuters rolle.
Fysioterapeuten 24.01.2024
Kjersti Karoline Danielsen, PhD., førsteamanuensis ved Institutt for ernæring og folkehelse, Fakultet for helse- og idrettsvitenskap, Universitetet i Agder.
Fysioterapeuten 24.01.2024
Denne fagartikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 15. september 2023. Ingen interessekonflikter oppgitt.
Fysioterapeuten 15.11.2023
Gro Askland Øyehaug, MSc. fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut. Avtalefysioterapeut i Nordre Follo kommune, Follo Fysioterapi. groaoy@gmail.com. Hilde Stendal Robinson, fysioterapeut. Professor, Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo. Lena Leren, førsteamanuensis, Institutt for sykepleie- og helsevitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge.
Fysioterapeuten 15.11.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt