- Kva er det som trugar rettstryggleiken til desse elevane?
Utdanningsnytt spør assisterande utdanningsdirektør i Rogaland Hallgeir Bø.
- Elevar som treng særleg tilrettelegging, får ikkje det dei har rett på. Det gjeld elevar som treng spesialpedagogikk, og det gjeld minoritetsspråklege elevar som treng språkleg støtte, seier han.
Ifølgje Bø er problema knytt både til å kartleggje godt kva elevane treng, og til å gi dei den støtta dei bør ha.
Manglar kompetanse
- Problemet med å få dette til kan vere samansett, men manglande kompetanse, både på skolenivå og kommunenivå kan likevel samanfatte mykje, seier han.
Ifølgje Bø er problemet særleg stort i små kommunar.
- Det vi ser som resultat av dette, er det same som er skildra i to store rapportar frå den siste tida, seier Hallgeir Bø.
Han viser til «Uten mål og meining?», ein rapport frå Barneombodet i fjor om spesialundervisning, og «Inkluderende fellesskap for barn og unge», ein rapport som kom nå i vår om