AddToAny

Fri tid, mi tid

Nokre brukar fritida til å flykte frå jobben og seg sjølv. Andre nyttar høvet til å jobbe meir.
- Vil du spele single?
- Eg kan ikkje spele single i dag, eg har eit øydelagt kne.
Lyden av raske fottrinn og smell av fjørballar mot racketar gjallar mellom veggene i idrettshallen på Studentsenteret i Bergen. Vi er på trening med badmintongruppa til universitetets bedriftsidrettslag, ei av dei mest stabile og aktive gruppene i idrettslaget. - Badminton er ein teknisk idrett, og meir kondisjonskrevjande enn tennis. Ballen kan få ein fart på nesten 500 kilometer i timen, så ein små springe fort på små flater. Det blir som intervalltrening, seier leiar Liv Kristiane Bugge. I arbeidstida er ho rådgjevar ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

Mindre organisert idrett
Følgjer ein kunnskapssektoren gjennom media, skulle ein kanskje tru at tilsette ved universitet og høgskular ikkje har fritid. Eller glede i livet. Men når vi leitar litt, finn vi nokre som i det minste har litt av det første, og der finn dei gjerne mykje av det andre. Slik er det i alle fall for badmintonspelarane på Studentsenteret.
- Eg har spelt det sidan eg var ung, det er liksom «min» idrett, seier Pascal Dietzel, professor i kjemi.
- Det første eg såg etter då eg kom til UiB, var kvar eg kunne spele badminton.
Bugge fortel at dei ikkje treng å rekruttere aktivt. Den som leitar, finn.
- For ein del tilsette som kjem frå land der sporten er meir kjend, er dette gjerne det første dei gjer i lag med andre når dei kjem til Bergen, seier ho.
I bedriftsidrettslaget møtest både vitskapleg og teknisk-administrativt tilsette. Dei har fleire aktivitetar, frå klatring til skyting, men nokså få registrerte medlemmar: 112, ifølgje siste årsrapport. Curling- og bowlinggruppene vart lagde ned i fjor, og skigruppa ligg i dvale. Til samanlikning har UiB meir enn 4200 tilsette. Aktivitetar der ein bind seg til å møte opp til ei fast tid kvar veke, er blitt mindre populære med tida, trur badmintonspelarane.
- Badmintongruppa har eit stabilt medlemstal sjølv om det er litt gjennomtrekk fordi folk har mellombelse stillingar og dreg vidare. Men eg trur nok det er blitt meir treningsstudioaktivitet, moderne menneske er kanskje meir opptekne av fleksibilitet, seier Bugge.
- Kollegaene mine på instituttet joggar, dei driv ikkje lagidrett, seier Dietzel.
Unnataket, fortel han, er den årlege aktivitetskampanjen Sykle til jobben, arrangert av Bedriftsidretten.
- I fjor var det laget vårt som vann ved UiB, vi får sjå om vi greier å forsvare tittelen no når årets aksjon tek til.
At vaksne driv mindre organisert idrett enn før, er ein generell trend, fortel idrettssosiolog og NTNU-professor Arve Hjelseth.
- Ikkje fordi dei trenar mindre, men fordi dei er aktive andre stader enn i idrettslaga. Den tradisjonelle idrettsrørsla, med faste treningar og dugnadar og slikt, er i stor grad ei barne- og ungdomsrørsle, som vaksne er engasjerte i i eigenskap av å vere foreldre, seier han.Kva ønskjer vi oss av fritidsaktivitetane våre? Noko «heilt anna», ifølgje badmintonspelarane.
- Eg kan kome på trening med hovudet fullt av bekymringar, o
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt